|
Semesterrapport,
2. kvartal 2001
Internfest
på Kvarteret
Søndag 1. april var det igjen klart for helhusfest
på Det Akademiske Kvarter. Team Turbostipend
har ved fleire høve holdt vekkelsesmøte på
internfest på studenthuset, og no var fanden laus og
klar for baluba. Det heile gjekk på skinner; lydsjekk,
pizza på bandrommet, omkledning og konsertstart. Konsertarrangørene
utmerka seg for god service, særlig under punktet på
rider kor det står '...et speil med ramme i barokk stil',
kor dei faktisk kom med ekte vare.
 |
 |
| Før
man entrer scenen er det viktig med korrekt illegging
av sminke og eyeliner. Sminkerekka i Turbostiipend har
etterkvart fått teken på dette krevande håndverket.
Og arrangørane fekk tak i eit speil med ramme i
barokk-stil Foto: Petter Klasson |
Resultatet
er slåande straks scenelysa tennes og artistane
framstår i all sin sminka prakt. BAssist Ein og
konkubine Tossa sveiver igang Summer of '69.
Foto: Tone Midtgaard |
Bassist Ein hadde med noko som kallast eit pedimeter,
som er eit lite apparat som nyttast i trening og konkurransemiljøer
for å måle antall steg og slikt under sprintløp.
Ein
monterte apparatet på hofta, og var no klar til å
få offisiell måling av antall hopp og kor mange
kaloriar som vart forbrent under ein turbokonsert.
Bassisten melder at han kjem til å føre
statistikk framover for å sjå om opptredenen hans
forbetrast og evt. om han kan legge opp eit treningsprogram
for dei andre utøverane. Dei andre var nok litt skeptisk
til dette prosjektet, men skulle jamvel gå med på
ein prøveperiode. Målingane for internfest på
Kvarteret vart som følger:
| Turbometer |
1.
sett
|
2.
sett
|
| Hopp |
887
|
1026
|
| Kalorier |
18,3
|
21,4
|
| Km |
0,32
|
0,47
|
Så var det klart for mos mos. For kvelden
var mange av publikummerene kledt opp i 80-talls habitt. Spesielt
mange av dei unge kvinnene hadde gjort seg flid med kostyme
og sminke, slik at når me endelig entra scene + catwalk,
var det rosa , blå og pastell på heile fyste rad.
Det viste seg også at stemninga allerede var ganske
høg, og spesielt denne fysteradsrekka tok heilt av
i løpet av konserten. Men er det noko gutta i Turbo
er glade for så er det folk i pastell som legger seg
baklengs over catwalken for å kikke opp under skjørtet
til vokalistane.
 |
 |
| Kanonstemning
i salen allerede under første sett, med fargerikt
utkledte publikummere i glade 80-talls klede'. Foto: Peter
Clayzon |
Klåfingring
på catwalk'en; ein del av konsertgjengarane lot
seg friste av tangatruser og hofteholdarar då gutta
ålet seg gjennom 'Touch me - I wanna feel your body'.
Foto: Tone Midtgaard |
Mot slutten vart det klemming av ballar og røsking
i truser, og vokalist PVC måtte tviholde på trusene
for at dei ikkje skulle gå med i dragsuget. Avslutninga
med 'Forever young' fekk roa gemyttene til ein viss
grad. Det
vart tilløp til allsang og samkvem med musikarane,
og ein av dei framtredande kordamene kunne kaste seg inn i
refrenget med ei blondine på kvar arm. Det vart meldt
at det vanka både klining og tilnærmelser av ymse
salg.
Etter konserten var det show og halloi på
bandrommet, kor ein del framifrå kvinnemenneskje brøyta
seg inn og sikra seg diverse autografar og mobil-telefonnummer
for seinare bruk. Gutta vart hylla av eit samla arrangørkorps
og det vart verva fleire potensielle turboheads for framtidige
konsertar. M.a. vart det skreve autografar på kjøkkenhåndkle,
pizza-esker og brukte kontantkort.
Etterpå vanka det invitasjon til nachspiel
på Villaen, som jo er nærmest ein tradisjon.
Det er alltid litt uvisst korleis det er med nachspiel der
i gården, avdi dei har rare regler for ølsalg
og ambivalent forhold til utenforstående. Men det blei
god stemning og hyggelig samkvem ut i dei små timer.
Me
snakka ivrig om dei neste spelejobbane som bandet har tinga,
både på Garage og Geilo.
|
|
Garage
fredag 20 april
Så var det atter ein gong klart for mos mos nede i byens
beste rokkeklubb, Garage. Gutta i Team Turbostipend har opptrådt
her ved fleire høve , og det er alltid like fett med
den dirkete og intense stemninga ein får til på
fyste rad. Byen var blitt klistra med plakatar, så det
var godt med folk då landslaget gjekk på scena
rett etter klokka 23:00. Halvlitarane hang laust og røyken
låg tett. Ikkje ein einaste pubikummar i anna antrekk
enn svart svart og svart. Og DJ'en spelte tung rock og heftig
techno. Det var som å gjøre entre i løvens
hole.
Det tok litt tid å få opp stemningen,
slik det ofte er på Garage. Men når publiken fyst
er i siget så er dei som eit dundrandes lokomotiv med
ein haug skranglete vognar. Med eit åtte mann sterkt
Team Turbostipend, komplett med Dobbel Diva, vart det
trangt på scenen. Jamvel fekk vokalistene utnytta samspelet
og bredda i harmoniane ved å gje full trøkk frå
kvar sin kant av scenen.
God
stemning på Garage fredag 20 april med publikummarar
i heftig ekstase ilag med vokalist og LisjDiva Olav.
Foto: Dexter Webdesign
|
Sminkerekka
måtte ta til takke med eit litt mindre speil denne
gongen.
Foto: Dexter Webdesign
|
Rett over midnatt var det kanonstemning og svette
folk både på scenen og i salen. Men tallrike medley'ar
fekk gutta gira stemningen i taket. Vokalist og LisjDiva Olav
avsluttet sågar eit glansnummer med å henge i
lysriggen, noko som førte til at den datt ned. Han
måtte seinare ta kraftig sjølvkritikk for desse
ablegøyene.
| Turbometer |
1.
sett
|
2.
sett
|
| Hopp |
1074
|
1598
|
| Kalorier |
20,7
|
30,8
|
| Km |
0,37
|
0,55
|
Bassist og landslagstrener Ein Ridet var virkelig i schlaget,
og med påmontert pedimeter. Kveldens vitale mål,
eller tall som teller, er som vist på figuren til høgre.
Som årvåkne lesarar vil sjå, så er
det ein klar forbetring sidan sit, og noko som kan tyde på
at formkurven er på veg oppover. Mykje tyder på
at Ein har prikka inn formen for sesongen.
|
|
Say
Cheese søndag 29 april
Vokalist og Hovmester Peavy er jo ein mann som jobbar i resturantbransjen,
og via nokre kjente folk der vart det ordna til spelejobb
på den vesle pøbben Say Cheese, ein av byens
minste skjenkelokaler. Med plass til så smått
30 pers, så var det trangt om saligheten.
Men der en eller flere er samlet i herrens navn,
der vil Team Turbostipend være midt iblandt dem.
Så også denne kvelde. Bandet fikk åla seg
inn i eit hjørne og rigga utstyr med særdeles
lite plass til hopp & sprell. For anledningen var korkje
Tossa eller Iver i beit for jobbing, så me hyra inn
perkusjonist og svinepels Anders Vengen for å stelle
med perkussive innslag. Han var ikkje sein om å be,
avdi han har gått gradene i Larmonien, og såleis
veit kva musikk og svada er for noko. Mannen stilte med eit
heilt arsenal av dippedingsar, samt minst 30 tommestikker.
Han fekk berre bruk for to av dei, samt ei kubjelle og ein
djembe og ein Thailandsk bongotromme. ...dette resulterte
sjøvsagt i ein del bongo frå Thailand vitsar.

Gutta
med fine klede og ny sveis for kvelden. Det er showtime
på den lille pøbben 'Say Cheese' som ligg
i Finnegården attmed Bryggen. Fr. v. Noralf, Anders
Vengen og Erlend.
Foto: Tone Midtgaard
|

Rytmeseksjonen
fekk innerste hjørne, men makta å kverne
ut stødige beats.
Foto: Tone Midtgaard |
Me øvde inn ein del 'easy listening'
versjoner av schlägerane våre, avdi me visste det
kom til å bli trangt, intimt og lite rom for det vanlige
sceneshow'et. For anledningen trakk me i dress og slips, samt
la an tidsriktig hårfrisyre. Det fall i hug hjå
forsamlinga, som etter kvart talte opp mot 25 stykker. Og
då sto folk som sild i den berømte tønna.
Men stemningen var høg og klientellet særdeles
trivelig, så det tok ikkje mange taktane innan me nådde
taket. Og derfra var det bare bånn gass. Til andre sett
dukka brått kunstkjennar Iver Sandøy opp, og
inntok sin faste plass i angrepsrekka, så brått
vart det nesten elleville tilstander oppe på podiet.
Av låtmaterialet kan me nemne piano-versjon
av 'Final Countdown' samt ein særdeles stemningsfull
tolkning av '10 000 lovers'. Andre låtar som
'Forever young' kjørte me i punk-up-tempo versjon,
til stor glede for publiken. Og rykte om Turbo gjekk tvers
over heile fisketorget, slik at me vart kalla bort til Garage
igjen denne kvelden, avdi der var det JAM sessions på
gang nede i kjelleren, og såleis ein glimrande anledning
for Turbo gerilja speling. Det vakte oppsikt då sju
dresskledte karar entra scenen og spelte livskiten av 'Nothings
gonna change my love for you'. Applausen var typisk for
søndag kveld / natt til mandag. Og etterpå fekk
me billige halvlitarar i baren straks Dennis hadde gitt oss
det berømte stempelet på handa.

Hallelujastemning
på 'Say Cheese'
|
Intervju
med ein musikar
Me har snakka med Erlend Eidsvik (28),
keyboardist og vestlending, opprinnelig frå
Svelgen. Han skriv på ein hovedfagsoppgåve.
-Kva tykjer du om å spela i band?
-Det er fole kjekt, seier Erlend. Alle låtane
går i 'C', og ingen merkar om me spelar feil.
Attpåtil får me betalt. Det fine er jo
at hyra har gått opp dei siste åra. Eg
hugsar første spelejobb då me fekk betalt
i tomflasker og hjulkapslar.
-Er du ein dyktig musikar?
-Både og. Mottoet vårt er: det stinka,
men det e'kje det som e' poenget!
-Kva får deg til å bli skikkelig forbanna?
-Folk som snakkar nedsetjande om t.d. Samantha Fox.
Ho kunne dette med popmusikk. Kva ville Spice Girls
vært utan Samantha?
|
Semesterraporten
hald fram under eposet Juni 2001 - ein turbooddyssé!
Fekk
du ikkje med deg rapporten for 1. kvartal? Klikk her om du
likar slikt.
|
|