Den tidlege historia til Turbostipend byrja med ein vill
idé hjå to unge Larmonistar hausten 1995. Jan
Roar og Petter fann ut at dei skulle opptre på det tradisjonelle
julebordet til Musikselskabet Larmonien. Men før dette
hadde Petter og Erlend samt ein kar med namn Bjørnar
spela ilag i eit konsept kalla 'B' and the Bailers.
Det var eit noko Postmodernistisk Ad-Hoc pop orkester utan
særlege ambisjonar. Ein namngjeten opptredenen med Beilerne
var 16. mai 1993 i stova til ei hakke gal jente som heitte
Torunn. Anledninga var den tradisjonsrike Larmonifesten innfør
nasjonaldagen. Konserten måtte desverre avbrytast halvvegs
avdi politiet kom og stogga gemyttane.
Kven var så desse Beilers for nokre typar? Dei starta
som eit reggea-konsept i regi av Bjørnar Stavenes.
Han hadde ein visjon om å opptre på Talentstudent,
eit av datidens populære tiltak arrangert av ASF (Aktive
Studenters Forening) på Hulen.
'B' and the Beilers syt
for karaoke og show
på Kvamskogen under ein av dei legendariske hytteturane
attmed Larmonien haust '93. Gitarist Bjørnar
og tangentist Erlend er snart klar for badstu.
Foto: Gro Fjellheim/L.U.U.C
Beilers var eit fire-manns kombo beståande av Bjørnar
på gitar, Petter på trommer, Trond på trombone
og Erlend på tangentar. Dei øva m.a. på kjøkkenet
til Bjørnar. Talentkonkurransen vart avvikla våren
1993, og gutane fekk ein hederleg 4. plass. Seinare same haust
hadde Beilers ein noko kaotisk opptreden på Kvamskogen,
ei hytte som Larmonien gjerne dreg til ein gong i semesteret.
Der var opplegget karaoke, og det var fyste gong Jan Roar fekk
vise kva som låg latent i den spinkle og grinebiterske
kroppen. Han framsyna 'Vårsøg' under glimrande
akkompangement frå Beilers. Etter denne seansen gjekk
Beilers sakte men sikkert i oppløysing.
Jau, attende til det røynde julebordet for Musikselskabet
Larmonien hausten 1995. Petter og J.R. la hodene i
blaut og fann ut at dei skulle agere som eit skikkeleg harry
danseband. Konseptet var rytmeboks, bass og keyboards. Jan
Roar sprang i hui og hast avgårde og kjøpte seg
ein bass, og deretter tilbragte han to veker på rommet
for å lære å spele på den.
Ein sjølvsikker
Jan Roar Beckstrøm med bart og kinnskjegg opptrer
på julebord for larmonien hausten 1995. Den ferske
bassisten taklar B-dur og A-moll i 3/4 dels takt med
presisjon og grinebiting som vekk åtgaum i forsamlinga.
foto: Live Bruseth
Bjørnar Stavens
er uslåeleg når det gjeld standhaftige rockeriff
og infernalske hawaii-skjorter. Det er visstnok far
Stavenes som syt for fast leveranse av merkevare-skjorter
for gutta i bandet.
foto: Live Bruseth
Erlend kunne desverre ikkje vere med p.g.a utenlandsreise,
så det såg lenge ut til å bli ein slags
duo-opptreden. Konserten skulle vere på Hulen, og stemninga
bygga seg opp. I siste sekund kom Bjørnar inn i biletet,
uvisst av kviforein grunn. Han var noko skeptisk til enkelte
av låtane me hadde valgt, men blei med på eit
par øvingar. Dermed var 'Lennart och Gossarna'
unnfanga, under ledelse av kvasi-svensken Petter (som visstnok
har ein onkel som heitar Lennart);
Keyboardist og trommemaskin-operatør
Peter Klasson syng på kvasi-svensk og flørter
med to potensielle turbo-snupper på fyste rad.
Det er visstnok eit oppete fenalår som Toril Sagen
og Anne Jorunn Polden driv og prakkar på 'Lennart'.
foto: Live Bruseth
-Vilken härlig publik ni 'e!
Konserten vart over to timar lang, og det tæra hardt
på tolmodigheita til dei vel 30 frammøtte gjestene.
Under konserten fekk gutane oppleve mykje av det som kom til
å prege deira seinare samarbeid: jenter som storma scenen,
allsang under 80-talls schlägere, søl av halvlitarar
på monitor og ukvemsord og tillrop frå publikum.
Man avslutta med ein homoerotisk tolkning av Seigmen-klassikaren
Metropolis. No var det ingen veg attende.
Stadfestinga
Tidleg i januar 1996 vart det kalla saman til møte
i Stjernesalen Kafé på Kvarteret. Det var på
tide å starte eit skikkeleg band. Denne gong var Petter
pådrivar for å skipa til eit studentband som skulle
spele på fagfestar o.l. Han ville kalle det Party
Tryne og reportoaret skulle bestå av diverse kjente
fest-låtar, hovedsakeleg frå 70- og 80-talet.
Konseptet var mest fest for pengane. Med på det fyste
laguttaket var Bjørnar, Erlend, Jan Roar og ein ny
kar som ikkje eingong var Larmonist; Noralf Venaas. Han viste
seg å vere ein litt sjenert solo-heavy-gitarist frå
Vesnes med like langt hår som Ronnie le Tekrø.
Han var ekspert på den type solo-spel som konseptet
trengte. Men gutane synst at namnet som Petter kom med var
for slappt.
-Det e' for dårlig det her, sa dei.
-Ka faen..? protesterte Petter.
-Det går ikkje, sa dei berre.
Og så, etter litt diskusjon og grinebiting vart Turbostipend
framsynt som sterkt alternativ, og det blei vedteke nokså
bastant. Nett på denne tida var nemlig begrepet Turbostipend
som ein farse å rekne, avdi Lånekassen hadde fremmet
dette for å få studentar gjennom studiet på
rekordtid, og belønninga var at delar av lånet
vart gjort om til stipend. Men etterkvart kom det så
mange protestar mot denne elitistiske ordninga, at dei bestemte
at alle som fullførte hovedfag (uansett kor
lang tid dei brukte) skulle få delar av lånet
gjort om til stipend. Men det er ei anna historie. Vi snakkar
om bandet Turbostipend her.
No var ingen trygg.
Gutane i det tidlege Turbostipend
er dritnervøse foran sin fyste offisielle spelejobb.
Me har drukke litt øl og er klar for lansering.
Sitjande fr.v. den unge Jan Roar Beckstrøm, Erlend
Eidsvik og Bjørnar Stavenes. Til høgre
sitter ein av dei mest trufaste Turbo-groupies; Hanne
Benedicte, ei sprek dame som seinare blei kjent under
tilnamnet 'Benna' i diverse sammenhenger.
foto: Hilde Fjellheim
Øvingane fann stad i kjellaren til
Bjørnar, på eit lite kott kor det og sto ein ballong
med sats og putra. Denne fyste perioden kan ha prega bandmedlemmane
sterkt, særleg sida dei vart utsette for helsefarlege
gassar i det lille rommet. Sangar som Born to be wild, Jumpin'
Jack Flash, Walk this way, I was made for lovin' you, Whole
lotta ' love og The one I love var blant dei fyste
låtane som Turbo øva inn.
Seint i februar var det på tide med ein liten opptreden
under Musikselskabet Larmoniens 30-års
jubileum. Då spela man fire schlägarar og fekk
testa ut opplegget for eit noko overstadig pynta publikum på
Hotel Norge. Og allereide i Mars var fyste offisielle konsert
klar: speling på Kavarteret laurdag 28nde. For fem-og-tyve
hundrelappar samt ei kasse med øl fekk me anledning til
å ta studentane med storm. Fyst var det eit nervøst
vorspiel i heimen til Petter kor me fekk på oss sminke
og findressen. Det er vanskeleg å seie kva slags image
me satsa på i den tidlege fasen. Ein slags homoerotisk
velkledd-danseband-opplegg.
Til den fyste konserten
var det naudsynt med egen stylist. Heidi Formo viste
seg å vere nett den jenta vi trengte for ein
slik jobb. Ho er og ein av dei trufaste Turbo-snuppene
som har fulgt bandet dei seinare år.
foto: Hilde Fjellheim
Bjørnar og Jølle
held guffen oppe under framsyning av Dancin' in the
moonlight, ein kjent Thin Lizzy-schläger.
foto: Hilde Fjellheim
Gutane gjekk på scenen til vanleg tid og det vart etterkvart
fullt hus i teglverket denne laurdagskvelden. Sjølv
om enkelte av låtane var noko halvhjerta, samt ikkje
akkurat hang saman i overgangane, verka det som om publikum
kosa seg skikkeleg. Særleg under 'Livin on a prayer'
vart det liv, og ga kan hende ein pekepinn på tider
som skulle komme. Til bandets store hugnad ville publikum
ha ekstra-nummer. Det blei til å spele Bon Jovi ein
gong til.
Etter konserten ramla me inn på bandrommet og venta
på groupies, og dei kom! Eit par tenårings snupper
kjempa seg inn (det var eit særs trongt bandrom) og
ville ha autograf. Men akkurat då me hadde opna kvarsi
pils og fått vite namnet til desse attraktive jentene
som sto der med bare mager, så marsjerte dei larmonske
tantene inn og kuppa festen. Her skulle det ikkje vere noko
mindreårige tatta: ut med dei. Bandmedlemane kunne berre
konstatere at dei fnisande småjentene blei kasta på
dør. Istaden fyrte me opp sigarar og lot oss avbilde
med honoraret. Natta vart avslutta oppe i leiligheita til
Noralf. Der nytta med høvet til å helse på
Iver (som og bodde der). Han skulle nemleg spele ei viktig
rolle seinare i soga.
Bjørnar skuer ut over
folkehavet og kan konstatere at Livin' on a prayer har potensiale
som tidenes party-låt.
foto: Hilde Fjellheim
Hausten 1996 blei innleia med omrokkeringar i mannskapet,
samt utskiftningar og etterkvart utlysning av stipend og ledig
jobb. Årsaka var at gitarist og vokalist Bjørnar
vart ferdig Cand. Jur og flytta brått ut av byen. Visstnok
for å iføre seg Kongens Klær på Evjemoen.
Dermed var Turbo ein
kvartett utan særleg ambisjonar. Løysninga skulle
bli ein kar med namn Per Vidar Staff, eller i kortform: Peavy.
Han var for tida vokalist i ein heil haug med ulike rockeband,
m.a. Emmerhofff og Bebissene, Phantom Fabric og etterkvart
Link. Dette var popband som hørte til det
kreative miljøet rundt Atomreaktoren Rockeklubb på
Engen. Då Peavy takka ja til jobben som ny vokalist
i bandet, blei det til at me og fekk øvingslokaler
der attmed dei andre sinte og seriøse rockerane. Petter
og Noralf var allereide i krinsen rundt Atomreaktoren i kraft
av medlemskap i henholdsvis Phantom Fabric og Warpigs.
Verda var ikkje større enn at det viste seg at Bjørnar
og Peavy kjente kvarandre frå før, avdi dei begge
er frå Kristiansund.
Ein anna endring som kom etterkvart var at musikkstilen blei
lagt om. Fyst var det vanskeleg å påvise det,
men den godaste Peavy hadde mest sans for 80-talls låtane
på reportoaret. Etterkvart blei det til at me konsentrerte
oss om 80-talet. Den fyste spelejobben hadde me under eit
slags bursdagsselskap på Kvarteret. Der opptrodte me
i joggedraktar, eller s.k. 'grilldressar', samt delte ut gratis
pylse og holdt genrell høg camping-profil.
Nokre nye låtar var det blitt efterkvart: Ruby, You
give love a bad name og Animal, ein kjent Def Leppard
schläger.
Kort etter hadde me den fyste offisielle spelejobben, og
det var book'a av RF, som sjølvsagt tidleg oppdaga
kor talentfulle gutane var.
No kjøyrde me camping-konseptet heilt til endes ved
å slå opp eit telt på scena, samt nytta
reiseradio forutan dei obligatoriske gratis Hot Dog'ene.
Publikum digga opplegget og det vart etterkvart vanleg at
det kokte foran scena på slutten av konsertane. Vokalist
Peavy var dessutan noko meir bevegelig då han ikkje
spela gitar, slik at kontakten med publikum var gnistrande
god frå fyste stund.
Plakaten til RealistForeninga
i forkant av 'Nye Turbo' sin offisielle
debut hausten '96. Den var designa for å likne på
ein
vegg-plakat som ASF hadde hengt opp to veker tidlegare og
som fekk krass kritikk i m.a. BT for dårleg språkbruk.
Humor: Det var ikkje til å komme ifrå
at karane i Turbostipend etterkvart utvikla ein noko intrikat
og særdeles intern form for humor. Eit tidleg konsept
var oppmodinga til folk flest om å ta sjølvkritikk.
Her fanst det ulike grader av sjølvransaking, frå
t.d. kraftig ned til mild. Eit anna velutvikla konsept var
dei nye teikneseriane som dukka opp.
Her kunne ein følje med i kvardagen til desse musikalske
frontkjemparar. Perkusjonist Peter Clayson satte strek til
desse seriane, men dei hadde ikkje vært noko utan det
til tider fargefulle persongalleriet som frekventerte øvingslokalane
denne hausten. Heile ni kapittel vart festa på papyrus-rullar
innan man ga seg (då leiken var på topp).
Ellers gjekk det i utsagn som:
-Nok ein schläger!
-I was begging for you (Turbostipend!)
-Nei no kosar me oss (knips knips)!
-Sto opp; blei sur.
-Du e' so jævli sur at du får tildelt ein og ein
halv Rekdal.
-Herr Redaktør: på vegne av vanvittig mange vil
jeg nå slå alarm - ALARM!
-Me har no utsikt til buksevatn og tvangskos.
Seinare skulle man legge mykje hjernekapasitet ned i konseptet
med Ytre Sandviken Homo-erotiske Golf Forening, men
det var ikkje før Farsfiguren gjorde seg gjeldande
i soga.
Konsert på eit bursdags-selskap
på Kvarteret i '96: Det 'nye' Turbostipend gjer
seg brått gjeldande på den bergenske rockescena.
Noralf, Peavy og Jan Roar har akkurat varmet opp med
'The one I love' - kjent R.E.M låt..
foto: Hilde Fjellheim
Tidleg homoerotisk stemning
på bandrommet; Jølle og Noralf testar ut
ulike omklednings-ritualer.
foto: Erlend Eidsvik
Seinare på hausten spela med på Åsane Folkehøgskule.
Det var eit tiltak som også sprang ut ifrå krinsen
rundt Atomreaktoren. Det var no vanleg at me hadde kordamer
på enkelte av låtane. I begynnelsen var det Iver
Sandøy og Gunnar Emerhoff som steppa inn, av og til
flankert av makker Inge Rypdal på 3. kor stemme.
Turbostipend
hausten 1996; med grilldress og camping-image
freista desse typane å erobre nostalgiske og ironiske
studentar.
80-talet var attende på motefronten. Bak fr. v. kan
ein sjå
Peavy, Noralf og Jølle.
Foran sit Petter og Erlend, samt nokre hot dogs og halvlitarar,
ting som er viktig for alle sjølvmedvetne 'Turboheads'.
foto: Hilde Fjellheim
Dette manifesterte seg under ein stor spelejobb for Ex. Phil-
studentane då dei feira
eksamen i slutten av november. Med kordamer og noko homoerotisk
og psykedelisk antrekk kjøyrde me bånn gass frå
fyste låt. Mange vil hevde at denne spelejobben markerte
eit skille for Turbostipend. Det var siste gong ein hadde eit
blanda reportoar og kordamer berre på enkelte låtar.
Ved inngangen til 1997 var det snakk om eit reinspikka 80-talls
konsept samt to faste kordamer. Det moderne Turbostipend byrja
å ta form.
Våren 1997 blei inleda med eit par kjappe spelejobbar
på rappet. Det var fyste gong orkesteret hadde ein slags
speleplan, og me byrja og nytta ein fast steliste. Kostymane
skifta også etterkvart. Me gjekk vekk frå Grill-konseptet
og byrja nytte 80-tals klede og evt. anna bad taste
me fann på Fretex. Rosa skinnjakkar, Poco Loco dress,
singlet og mintgrønne skinslips vart no standard vare.
Og me merka oss at det byrja gå rykte på by'n
om at Turbo var eit knakande godt band.
I midten av februar var me til dei grader hip og kul at Studvest
rykka ut med reportasjebil og vile intervjue
oss. Dei fann ut at me ikkje hadde platekontrakt og heller
ikkje hadde ambisjonar i den retning. Dei likte og at me kom
frå 'obskure vesterlandske steder som Vestnes, Svelgen,
Tomrefjord og Hundvåg'. Gutta i bandet får og
slått fast at dei tallrike fans av Turbostipend kallast
Turboheads og at dei et altformykje pylsa. Reporteren
avrundar med å stille kritiske spørsmål
om kva me synst om ironien:
-Dersom ironien dør ut blir
vi patetiske over natten. Men sjølironien vil aldri
dø ut, og det er noe vi har mye av i Turbostipend.
Penthouse Playboys er ironiske, men de har ikke like mye selvironi
som oss, sier de.
Sterke ord frå dei unge fremadstormande hurragutane
i orkesteret. Kort etter dette vart det og opptreden på
Hotel Noreg og ny speling på Hulen for Medisinaranes
Fagforening. Her opplevde me for fyste gong at publikum
ikkje heilt kjøpte konseptet vårt. Mange av dei
danna medisinarane vart overbærande skeptisk til desse
oppdressa og fanatiske musikarane på scena. Det vart
ikkje så mykje liv som vanleg gjennom konserten, bortsett
frå x-tra nummer med Livin' on a prayer. Dette
var i tida før me hadde Final Countdown som
bombesikkert kort i bakhand. Det at det var ein tysdag samt
at det var dyre halvlitarar må ta sin del av skulda
for at publikum verka tilbakehaldne. Men Turbo dura iveg som
dei sattanane dei var.
Turbostipend
våren 1997; i ein kort periode nytta karane
badekåper som ein del av sceneshow'et. Kva dei
eigentleg meinte med det er uvisst, men det var noko
med det latente homoerotiske som dette med slåbrokk
konnoterte. Her er det og tydeleg at kordamene er
byrja bli eit regulært inslag på scena.
Bakerst i gul morgenkåpe er Peavy, fulgt av
Gunnar Emmerhoff og Iver Sandøy som var kveldens
kordamer. Noralf flankerar lengst til høgre.
Foran sit dei faste svinepelsane Jan Roar, Erlend
og Petter.
foto: Hilde Fjellheim
Ein vanleg dag på bandrommet:
Me skal her konsentrera oss om ein opptreden under internfesten
for Kvartermedarbeidarar på Hulen 2. Februar. Gutta
hadde alltid hatt eit godt forhold til gjengen på Studenthuset,
og det er ikkje reint få gonger at Petter har grini
seg til ein spelejobb med dei. Denne gong vart det tinga til
fest kor alle gjestane var utkledd i henhold til eit bestemt
tema.
Resultatet var at publikum var stæsja opp som cowboyer,
indianere, gangstere, møbler og støvsugerposer.
Ein kar gjekk sogar rundt iført eit dusjkabinett. Det
vart hengt opp gule plakatar rundt omkring inne i Hulen med
Pære-logoen og kryptisk tekst som:
Har du hatt avføring i dag?
Sto opp, blei sur
Ta deg ein pære
Grinebitarar er snille på bunn
Vilken härlig publik ni e'!
Blei sur, sto opp [Turbostipend]
Turbo var i vinden, dette kunne ein tydeleg sjå av spelegleda
som var heilt unik trass i at honoraret knapt rakk til ein pils
på Garage etter gig'en. Me spela avdi det var fole fett
og levde med eit naivt håp om hylande kvinner og fullsatte
bandrom. Men me erfarte jo raskt at det ikkje var tilfelle.
Kvinnene glimra med sitt fråvær på bakrommet,
sjølv om dei var dristig og deltakandes under konsertane.
Me kunne ikkje heilt forstå denne sjenansen; turde dei
ikkje vitje oss innerst i løvens hule? Det einaste me
kunne trøyste oss med var at bandpilsen ikkje blei drukke
opp av fnisande fjortisjenter. Istaden blei bandpilsen drukke
opp av støyandes guttar frå utkantnoreg som sa
'jævlig kult band!' mens dei robba kjøleskapet.
Livet som rockestjerne er ingen dans på pærer. Men
det var alltid ei jente som kom attende til gutane sine: ho
snille Live.
Jølle blir konfrontert
med ei noko vulgært kledt sjefs-groupie som går
under dekknamnet Live Bruseth.
-No blir det ein DEL tralala, melder Beckstrøm.
foto: Petter Klasson
Norlaf og Peavy synst
det er triveleg at det kjem slike kjekke jenter på
vitjing innerst på bandrommet. Det er ikkje kvardagskost
for dette rockebandet.
foto: Klas Petterson
Sklir ut: I mars hadde me fyste opptreden på
Garage; speling på Fagfest for Sosiologi.Det var Jølle
som fiksa dette i kraft av å lobbe på Festkomitéen
i Fagutvalget på Sosiologi. Som eit ledd i marknadsføringa
skreiv Jan Roar ein kort historie som Petter illustrerte i
ein teikneserie. Denne blei hengt opp over heile SV-fakuletet
og var soleis ein noko uvanleg form for reklameverksemd for
ein 80-tals konsert. Petter syt også for å invitera
ein skokk medievitarar, samt Larmonien. Det vart stort stemning
og massesuggesjon. Igjen var opptredenen på ein tysdag
og dermed kunne dei Larmonske Turbotrynene gå rett frå
øving. Konserten vart jamvel filma av ei anna trufast
Turbohead: Hilde Fjellheim. Når me seinare fekk sjå
Turbo i visuell utfoldelse på video fatta me raskt kor
landskapet låg. Alle i bandet hadde på seg ulik
klesdrakt, og særleg vokalist Peavy var heilt ute å
kjørte iført badekåpe, dusjhette og ansiktsmaske.
Kva i honen var det me prøvde å kommunisere?
Kva signal sendte me ut til folk i nærkrinsen? Turbostipend
var inne i ein scenografisk identitetskrise.
Meir historie kjem etterkvart som forfattaren får langtidshukommelsen
til å fønke.