|
Juni
2001
- en turbo oddyssé (den måneden
det tok helt av)
Grunna
stor pågang og masse speling har arkivtenetsa i Team
Turbostipend desvere ikkje rukke å halde sidane oppdatert.
Me har no hatt eit internt seminar kom me freista å
legge oss flate og beklage det intrufne, samstundes som me
tok oss sjølv kraftig i nakken. Herunder kjem den heroiske
rapporten om turtelduene i Turbostipend anno juni 2001.
Pinsefest
på Geilo to dager til ende
Fredag og laurdag 1 & 2 juni var det klart for Pinsebaluba
oppe på Geilo. Me var invitert til å halde vekkelsesmøte
på Lille Blå, som er byens kuleste utested.
Planen var to spelejobbar, både fredag og laurdag.
Det ville kreve førebuing og høgdetrening
for gutta i thights. Det ville også kreve bemanning
av det vidgjetne romskipet 'Vendereis', med kapasitet
til 8 musikarar og ditto instrument og kostymer. Kaptein
Eidsvik og styrmann Ridet intok kommandobrua med autoritet
og sertifikat frå nordvestlandest romkadett skule.
Me vart frakta langs riksveg 7, med eit kort stopp for ein
synfaring på Hardangervidda. Her fann me m.a. den
ukjente snøscooterens kirkegård, staden der
kor alle dei utrangerte scootarane vart satt hen for å
ruste vekk. Me merkar oss også at cand. keyboard Eidsvik
har med seg eit fint digitalt videokamera, og me går
igang med å dokumentere denne viktige kulturinstitusjonen
på tampen av det nye årtusen; Theodors Orkester.
Konsertlokalet var ein likandes og intim bar
midt i Geilo sentrum, og klientellet var heile spekteret
av byens partyløver- og løvinner. For gutta
i Turbostipend var det ei ny røynsle å treffe
dei som framleis ber 80-talet nær hjertet. Fredagen
var det halvfull sal, med god stemning og ein del sprelske
riff. Orkesteret stilte i full dress og sløyfe, nett
slik som på Say Cheese for eit par veker siden.
Det fell i hug hjå publikum, som kvitterte med god
stemning og allsang på dei tre legendariske x-tra
nummer.
Dagen etter var det slæbing og soling
på hytta, kor dei likandes vertene hadde inkvarteret
oss. Høg standard, med badstu og alle fasaliteter
gjorde til at me fekk eit glimrandes opphold. Karane i arrangementskomitenéen
kom sågar over i kveldinga laurdag og diska opp grillmat
og allskens godt frå frysedisken. Det vart høg
stemning i hytteveggen, med utsikt over eit solfylt Geilo
og lokalt pilsnerøl på boks.
Laurdagskveld var det ein anna historie, med
fullt hus og kanonstemning. Rykte må ha gått
på bygd og by, for det var tjåka med folk. Då
gutane drog igang var det halloi frå fyste riff og
etter det tok det heilt av. Me observerte knisande tenåringar
(med falsk legg), kortevokste menn som kasta skjorte og
bukser, samt syngande husmødre som kom med tilnærmelser
og fagre løfter. Ein fantastisk konsert, med allsang
og åtgaum på x-tranummer. Konsertstaden hadde
internett-tilkobling, slik at folk kunne sjekke ut websidene
til Turbostipend medan dei faktisk stod på scenen
og spela. Nokon fann fort ut at vokalist Peavy dreiv med
både det eine og det andre då han var på
tur i USA. M.a. finst det bilete av
han ilag med skodespelaren Kevin Sorbo, røynd
frå TV-serien HERCULES.
Tall
som teller
Bassist og statiker Ein Ridet har tallene for helga klar,
og dei ser slik ut:
|
Fredag
1 juni
|
Laurdag
2 juni
|
| Turbometer |
1.
sett
|
2.
sett*
|
| Hopp |
957
|
1297
|
| Kalorier |
15,4
|
20,8
|
| Km |
0,28
|
0,38
|
*Ein
melder at han mistet pedimeteret ein eller annen
gang i andre sett... Fant det på gulvet etter siste
låt
|
| Turbometer |
1.
sett
|
2.
sett
|
| Hopp |
1694
|
2118*
|
| Kalorier |
28,1
|
35,1
|
| Km** |
0,50
|
0,63
|
*glemte
å stoppe umiddelbart etter fullendt sett på grunn
av gratis nett-tilkobling...
* *vedr.
km. steglenge var stilt inn på 30 cm. Ein undrar
om han no hoppa høgare i snitt ville det sjølvsagt
ha tilsvara fleire meter
|
Det kan no allerede noterast rekord på
laurdagen med totalt 2118 hopp i andre sett! Dette er
heilt utruleg bra, og ein markant framgang frå spelejobben
på Garage 20 april. Seinare vart det reist kritikk
frå dei andre i bandet, noko som du kan lese meir
om litt lenger ned.
Nachspiel
Etter konseten fekk me ikkje mindre enn fire invitasjoner
til nachspiel, og me fell sjølvsagt for den som lova
ein hotellsuite med 16 vakre kvinner. Det viste seg å
være ein juniorsuite, med 8 kvinner og ein del grinebiterske
menn, men det var ingen nedtur; tvert imot. Det var Billy
Idol på ghettoblæsteren og dancin' in the morning
light. Jentene viste seg å være Class of
'89 frå Toten Folkehøgskule, reiselivslinja,
som var på reunion her oppe på Geilotraktene.
Dei meinte at Team Turbostipend nærmast hadde gjort
helga til ein kjempesuksess, avdi dei fekk anledning til
å ha full party med sine gamle vener, og høre
all den gode gamle musikken. Etter dette nacspielet for
nokre heim til hytta, medan andre, t.d. vokalistane i DobbelDiva,
fann det for godt å halde koken oppe med meir pils
ilag med innehavarane av pøbben der me spela. Ein
utruleg gilde fest for alle dei impliserte.
Pedimeterstriden
Når Ein publiserte tala frå Geilo-gig'en,
gjekk det ikkje lang tid før rykte om fusk og doping
svirra i troppen. Korleis kunne han ha slik ekstravangant
framgang på så kort tid? Og
dette pedimeteret, var det til å lite på?
Kor sikre var desse tala som han presenterte? Som svar
på den metodiske kritikken har Ein uttalt seg:
"Eg
vil derfor opplyse om at eg har skaffe ein manuell skritt/(hopp)
teljar, og det er ho Unni, kona til Olav K. eller sekretæren
i oppnedplater
om dykk vil. Ho har dei beste skussmål i matematikk frå
skulen. Eg skal sjølv skaffe til veie kopi av desse. Likeframt
har ho sagt seg villig til å telja, eller kontrolltelja
ved neste turboopptreden som da ser ut til å bli på BLUE
VELVET. Eg har sjølvsagt forespeila henne store delar
av hyra til dei som stod for grinebitinga og krava om
kontrollteljing."
Dermed er det duka for spenning på
høgt akademisk nivå når hoppinga til
Ein skal kontrollerast no på torsdag. Me vil anta
at urinprøve og IQ-test også inngår
som ein del av kontrollrutinene. Men det er jo best å
få saka ut av verda, som dei seier i det finske
landslagsmiljøet.
Show
på 'Blue Velvet'
Torsdag 14. juni inntok Turbostipend
den vidgjetne scena på resturanthuset Banco Rotto
og 'Blue Velvet'. Det vart eit møte med ein
anna type publikum en gutta er vant med, noko som ikkje
la demper på festlighetene. Resturanten og baren er
røynd for rockeband på høgt kvalitativt
nivå, og er fast scene for mange av byens profesjonelle
musikarar! Her skulle hurraorkesteret Turbostipend inn og
spele fele. Lukklegvis hadde kordame og og dirigent Tor
Helge Oppdahl høve til å vere med dei villfarne
gutta, slik at eit viist snev av respekt kunne haldast i
hevd.
Dei som har vært
på Blue Velvet vil vite at scenen er ekstremt lita,
faktisk ikkje plass til meir enn fire fullvaksne karar.
Det vart til at me anekterte plattingen på hi sio
av inngangsdøra, slik at Turbostipend opptrodte i
tospann, fire mann på kvar scenekant. Det kunne gått
riktig ille, men det vart ein kjempesuksess. Publikum visste
ikkje kor dei skulle feste blikket, og medlemmane i bandet
visste ikkje kva veg dei skulle hoppe.
For kvelden var me atter
i søkeljoset til eit videokamera, avdi cand. stud.
Eidsvik hadde med seg eit videokamera. Seansen vart festa
på digital videotape av eit spesialteam frå
Berlitz Bergen, Eva Endresen og Hilde Fjellheim. Om tid
og stunder vil det vart laga ein dokumentar om 'Livets Glade
Gutter' som vil endre totalt på omgrepet om korleis
me ser på musikkbransjen i Noreg.
Natta vart avrunda i høve
til Genév-konvensjonen av 1952, grunna tur til Stavanger
påfølgande laurdag.
Stor
moro på Humorfestivalen!
Team
Turbostipend inntok sildeoljebyen med storm laurdag
16 juni, i det herrens år 2001. Anledningen var den
Store
Norske Humorfestival, og hurragutta var invitert til
å halde To konsertar denne dagen. Første
konsert var utescene på Vågen, rundt kl. 13:00.
Andre konsert var på Nattkafe og festivalnachspiel
på SAS garasjen, vegg-i-vegg med FOLKEN. Det ble en
heidundrende suksess, og liv laga i Stavanger.

Gutta
i Team Turbostipend attende på trappa til Villa
Klasson på Hundvåg. Her vert det overnatting
hjå far og vinbonde Hans G. Klasson i hans fashonable
residens. Fr. v. Noralf, Ein, Iver, Peavy, Olav, Peter
og Erlend.
Foto: Anna Klasson |
I børjan måtte Kaptein Eidsvik
og Romkadett Ein Ridet fyre opp fasegeneratorane på
romskipet 'Vendereis'. Det vart lasta inn backline og svette
kostymer fra Turbostipend sitt hemmelige lagerrom i Bergen,
og så bar det nedover landevegen, med ferjer og trekantsamband
('Ein gedigen skuffelse', ifølge maskinist Sandøy,
som hadde venta seg heilt andre ting av denne trekanten).
Vel framme i Stavanger var det berre å lempe alt stæsjet
på scenen, avdi første konsert var allereide
klokka 13, midt i sentrum, på Fisketorget. Ein kjapp
lydsjekk før omkledning og alt klart for TURBOKONSERT.
Eit historisk augneblink i så måte, avdi me
aldri hadde opptrådt utendørs før, og
heller aldri for eit publikum bestående av små
barn, deira foreldre og flokkar med pensjonistar. Men det
gjekk radig unna og me noterte oss høg stemning og
applaus frå ein gjeng siddisar som satt og drakk øl
på uteserveringa på Dickens.

Arrangørane var i perlehumør
og likte opplegget. Me fekk gode skussmål etter konserten
og adgang til middag og kos på ein nærliggande
resturant. Lydsjekk vart det også, i kveldens konsertlokale,
SAS-garasjen. Ikkje noko anna enn eit parkeringshus gjort
om til rockekjellar. Men det vart god lyd, og bandrommet
var strategisk plassert ved svømmebassenget (me fekk
sjølvsagt herregarderoben). Bandet fekk også
anledning til ein kjapp høneblund ute på Hundvåg,
i barndomsheimen til Peter. Her hadde me vore før,
vil me hugse, frå den røynde
konserthausten 1999. Hyggelig gjensyn meinte karane.
Klokka midnatt var det showtime igjen, med
300 salige gjester frå kveldens festival. M.a. hadde
det vært stand-up komikk med hovedsakelig kvinnelige
aktørar, og det lot skinne gjennom då publikum
inntok SAS-garasjen. Team Turbostipend fekk ein flying start
med 'Ju givv løve a bæd neijm...' og
stemningen var igang fra første hikst. Me var også
ganske kvasse på koreografien, med innøvde
dansetrinn og hoftevrikk.

Etter konserten var me svette og sletne, og
då bar det rett i bassenget, iført våre
ekslusive badedraktar. Stor moro å plaske rundt og
dertter velte seg oppi ein varm yacuzzi. Eit par kvinnelige
fans heiv seg også med, og det vart riktig så
jovialt oppi plaskedammen. Etterpå var det nachspiel
ilag med arrangørane, som var kjempenøgde
og som håva inn pilsnerøl på rekke og
rad. Ein gedigen suksess for skrangleorkesteret Turbostipend.

80talls
fest på Månefisken i Oslo!
Laurdag 30 juni var det tid for å heise flagget igjen.
Knapt hadde me fått vaska kostymene etter Stavangerturen
før me måtte finn fram dei store bæggane,
pakke sminkesakane og gå ombord i romskipet 'Vendereis'.
Det var no klart for speling i sjølvaste hovedstaden,
på eit internt arrangement
i regi av ein gjeng glade menneske i krinsen rundt Radio P4
Heile Noreg. Gutta i Team Turbostiupend trudde sjølvsagt
at me skulle intervjues i radio og greier, men det fekk halde
med opptreden. Me trudde vel også på at no var
vårt gjennombrudd nært foreståande, at me
skulle på TV og lanserast over heile den vestlege verda.
Lagutaket tok turen over fjellet laurdag morgon, ein kjøretur
som tok vel 8 timar på Warp Drive 4 og med kaptein
Eidsvik på kommandobroen. Gitarist Venås var allereide
i Oslo på sightseeing ilag med Dr. Scient turbonissimo
Tone Midtgard. Samstundes var trommeslagar Klasson på
synfaring i tigerstaden etter eit nytt sett for slag, eit
Yamaha Stage Custom som han kjøpte hjå ein ein
person som han hadde møtt på 'internett'. Slik
er det når mange spelejobbar fører til god avkastning,
og midlane føres attende til bandet i form av produkjsonsmidler.
I anledning ferieavvikling internt i Team Turbostipend (Ein
Ridet var på tur til Italia) så måtte me
kalle inn den flegmatiske kvinnebedåraren og skranglebassisten
Jan Torry Sande. Bassist Sande kunne melde at han var klar
for dyst blandt dei fagre gutta i rosa og pastell, og forlangt
å bli trudd på at han hadde holdt seg i hevd der
ute på Fedje. Torry nytta høvet i Oslo til å
vitje venner og kampfeller i dei radikale miljøa i
tigerstaden. Han var i følge med sin fantastisk vakre
sambuar, Dagrunn, som han har snart tenkt å gjere til
ei ærbar kvinne ved ein høgtidlig sermoni 24.
august.

Keyboardist
Eidsvik byrjar få danseband 'look'.
-Hej på dej, lilla flicka, ska vi dansa ikvell?
Foto: Jonna Bohden |

Kva
har du under blusen, Ruth? Ivrige publikummere vil finne
ut om Peavy held skotsk kleskodex på scenen.
Foto: Jonna Bohden |
Konseptet var 80talls fest, og på kvelden var lokalet
fylt opp av dei eine etter dei andre med fantastiske 80talls
kostymer. Medlemmar av orkesteret Turbo's måtte bare
melde pass når dei såg kreativiteten og arbeidsvilja
som hadde låge bak mange av dei kreasjonene som kom
gående inn på to bein. M.a.
var dei ein del av kvinnene (og for nokre kvinner!) som hadde
funne fram krepptanga, og gjort underverker med sveisen.
Konserten starta med eit massivt drønn, og etterpå
gjekk det rett til værs. Lydmannen hadde skrudd volumkanppen
heilt til 11, og det blåste ut ørevoksen til
publikum. Bandet måtte konstatere at me ikkje fekk den
sedvanlige rushet frå tilskodarane grunna kostymene
våre, avdi alle i salen såg meir crazy ut enn
oss. Men me fekk fort føling i fjæra. Allereide
på 3. låt var det eit kvinnemenneske som gjorde
knefall på scenekanten, berusa av heftig synthpop og
heilt salig av åtgaum då dei smekre gutta i Turbostipend
lot svetten sile og musklane spele. Kvinnen haldt skansen
gjennom heile 1. sett, og er vel kan hende det menneske i
verda som no innehar mest detaljkunnskap om understellet til
samtlege gutta i orkesteret. Arrangørane var dessutan
på pletten med eigen pressefotograf som fekk foreviga
ein del av den gode stemningen som rådde på fyste
rad og rundt ikring festlokalet. Dei
bileta kan tas i synfaring her.
Andre sett vart innleda av x-bassist og nåværande
konsulent i riksrevisjonen, Jan Roar Beckstrøm. Han
tok balletak og tona inn 'Summer of 69' og held bunnsolid
komp ilag med resten av rytmeseksjonen. Disponent Beckstrøm
var synlig glad for å vere attende i rampeljoset igjen.
Andre kjentfolk i salen var ur-groupiane Hanne, Heidi og Toril,
som har vore ute ei vinternatt før. Røynde fans
hjå Turbostipend vil hugse Hanne og Heidi som faste
cheerleaders og stylistar frå dei gylne tidane i 1996.
Dei var særs glade for å sjå '...våre
gutter!' og førebudde seg på å innta
bandrommet for å evt. pælme ut fjortisar og andre
uekte groupies. (sjå
her for bakgrunnsinfo). Me jobba hardt utover konserten,
og det var hett og varmt i konsertsalen. Sommaren hadde gjort
sitt inntog i hovudstaden, men bandet har røynsle frå
å spele i badstu-liknande lokaler.

Gitarist
og feinschmecker Venås dreg feite riff på
'Walk diz way' ilag med perkusjonist og kordame Klasson.
Natta er lang og morgonen vil aldri komme.
Foto: Hanne B. Riise-Hanssen |

X-bassist
og femtekolonist Jan Roar Beckstrøm hausar opp
steminiga på 'Summer of '69' med eit kjærkommet
comeback i kompet hjå Turbostipend.
Foto: Hanne B. Riise-Hanssen |
Me avslutta med 'Den siste nedtelling'
og hasta av scenen (nett slik popstjerner har for vane å
gjere), men publikum ville ansleis, så det vart til
å spele eit sjeldent x-tra nummer hjå dei elleville
massane. Etterpå var det tett med folk på bandrommet
som gav kollektiv hyllest hjå våre hardt arbeidande
kulturbærarar frå vestlandet. Toril & co.
var også på pletten og kunne konstatere at alt
gjekk ordentlig for seg. Det var og tid til dans og mingling,
men no iført meir tidsriktig 'lounge' antrekk - gamle
dressar frå 70-talet. Planen var også a halde
dressane på plass heile natta, samt i bilturen over
fjellet dagen derpå.

...bad
ass bassist Jan Torry Sande er atter tilbake i svarte
tights, etter eit kort fravær frå glam og
jet set liv. Han tykjer gutane har blitt slappe i fisken,
men at han framleis held eit høgt nivå.
Her vert han oppvarta av vakre kvinner på første
rad.
Foto: Hanne B. Riise-Hanssen |

Gitarist
og Baywatch stjerne Venås er klare for nye feite
riff på ekstranummer med 'Fight to paaaarty'.
Natta er lang og morgonen vil aldri komme.
Foto: Hanne B. Riise-Hanssen |
Nachspiel vart det også, i heimen hjå ur-groupiane
Hanne og Heidi. Og det er alltid stas når gutane i Team
Turb ovart invitert på nachspiel av fagre kvinner!!
Jentene bur i hovedstaden, og åpnet opp sin fashonable
sentrumsleilighet for bandet og deiar venner. Vertinne
Hanne hadde forstua foten , og måtte få stell
og surre foten inn i ein pose med frossen pommes frites. Ho
var litt pissed, grunna at ho tråkka over medan ho prøvde
å ta bilete av gutta i tights. Men me kan sjå
på pressedekninga på desse sidane at mange av
bileta var blinkskot.
Turboferie
No er det ferie for Theodors
Orkester, men 23. august er det på han att,
med nye ablegøyer. Me ynskjer gamle og nye turboheads
velokommen til eit nytt semester.
|