Teikneserie
Kapittel 4 i serien Frå annalene til Turbostipend,
med undertittelen 'Eit band utan evne til å ta sjølvkritikk'.
Denne episoden er teikna i oktober '96 og er inspirert av
keyboardist Erlend sitt opphold på Cuba for ein del
år tilbake, samt ispedd generell lengsel etter varmare
og meir løsslupne breddegrader. Den var og meint som
eit noko dårleg kamuflert sleivspark til Erlends 'primadonna'
nykker då han var ein sjelden fugl på øvingar.
Sviktande oppmøte på Turbo-øving vart
seinare gjenstand for hard debatt då honoraret tok til
å stige utover 1997.
|