|
Hovedgesjeftigalsar
Hausten 1997
Hausten vart innleia med faste øvingar saman med dei
nye kordamene Iver og Tor Helge 'Tossa'. Sistnemde vart og
kalla 'Farsfiguren' avdi han var den
einaste som kunne fungere som eit slags faderleg forbilete
og rettleie oss andre unge sarte søkjande menneskje.
Sosiologane: Spelejobb i September på Fagfest
for Sosiologi på Garage. Dette gav interessante bekjentskapar.
M.a. fekk me ein psyko-sosiologisk vurdering av konseptet
vårt. Hovudfagsstudentane på Sosiologi meinte
at me var ein latent struktur, som verka som ein utløysande
faktor for aktørane sitt skjematiske versbilete. Dette
blei kalla for Pære-syndromet. Dei meina og at det her
var snakk om eit regionalt fenomen, men antakelig ikkje nasjonalt.
For vår del var det ein heilt vill kostymeparade kor
me spurta gjennom minst femten ulike stilartar i løpet
av konserten. Mange publikummerar vart særs forvirra
av dette.
September: Vårt fyste møte med psykologi-studentane
hendte på den noko harry klubben Why Not denne hausten.
Det vart rigga eit provisorisk lydanlegg av Kaptein Krok,
og alle studentane hadde kledt seg fint opp i 80-talls kostymer.
Dei var til tider meir oppdressa og hysteriske enn bandet.
i denne perioden hadde me premiere på eit nytt slags
konsept, nemlig kostymeskift efter pause. Med Iver og Tossa
som faste kordamer var det no ein noko brokete og homoerotisk
framtoning på scenen. Stilistisk hamna me ein stad mellom
tyske B-pornofilmar og norske revyteater på 80-talet.
Men suksess vart det uansett. Som ein liten ekstra piff hadde
iført oss gamaldagse badedraktar under X-tra nummeret.
Me hadde og presentasjon av Haustkolleksjonen: det
kan du lese meir om her.
Psykoanalysert: I oktober var det nok eit møte
med studentar på Embetsstudiet i Psykologi. Seansen gjekk
føre seg på USF der me vart psykoanalysert grundig.
Det var ein slags konferanse kor det og gjesta mange internasjonale
teoretikarar og praktiserande psykiatrar. Dei fann ut at YSHEPF-medlemmar
alle hadde ein vanskeleg barndom, med eit komplisert forhold
til både mor og far. Det vart trekt fram
som døme at me ikkje hadde fått utløysning
for våre ødipale tenåringsfrustrasjonar,
og difor var særs betinga for påverknad frå den
vulgære 80-talls kulturen. Dette kan føre til regresjon
og psykologisk ubalanse med påfyljande traume og indre
krise. Som ein mestring av denne frustrasjonen inntar man
ein s.k. 'homo-erotisk legning', som er korkje hetero eller
homo. Det er berre Pære.
Det som var oppsiktsvekjande med denne spelejobben var at
me blei invitert på vårt fyste nachspiel! Heilt
sida me byrja i denne jobben hadde me lengta efter tilbod
om ville festar og orgiar på nachspiel. Ei sexy blondine
ved namn Nina halte oss med og opna
stova for godtfolket. Me herja og kosa oss heile natta, sjølv
om det ikkje vart så mykje tatta. Men me rakk m.a. å
stifte foreninga vår, som du kan lese meir om her.
Skum og Stjerne:To av arbeidsgruppene på studenthuset
Det Akademiske Kvarter var vertskap tidleg i oktober. Dei
gjorde totalt knefall og la seg flate for konseptet til dei
homoerotiske ridderar. Ein totalt ukritisk og jamvel naivt
inntak av pære. Det viste seg seinare at det tallrike
publikum var alle rundt 18-20 år,
og soledes særs sarte og mottakelege for underligjande
pseudo-seksuelle strømningar. Det kan hende at gutta
her verva100-200 nye homoerotiske kameratar. Karane sa i ein
kort kommentar til sekreteriatet at dei var nøgde med
konserten.
November: Høgdepunkt for sesongen var utan
tvil eksursjon til Homoerotikkens høgborg: Trondheim.
Trønderan veit å setje pris på ein ekte
kvasi-homse. Anledninga var den årlege Studentorkester-festivalen
SMASH som vart arrangert under UKA på Studentersamfunnet
I respekt av å få møte desse åndshøvdingar
og kjennerar gjorde bandet ein kollektiv innsats og anla bart
for turneen. Det vart særs godt motteke bland dei meir
hardbarka gutane i Tusenårsbyen.
Konserten vart ein ubetinga suksess. Det viste seg
altså at Homoerotisk legning var eit nasjonalt fenomen.
Vidare fekk me verva nye medlemmar til foreninga, og det vil
snart bli opna konsulat i både Trondheim og Oslo.
Bartbekledd perkusjonist
i full gang med Homoerotisk Kulturmønstring i Trondheim.
Foto: Marianne Aagedal/Snuppe
|
Reichkansler Iver og Grinebitar
Jølle set hardt mot hardt under avspelling av 'Eye
of the Tiger' foran elleville tilskoderar.
Foto: Marianne Aagedal/Larmonien
|
Polo-Forening: I kjølvannet av den legendariske
turen til Trondheim hendte det ekstraordinære at foreningen
skiftet navn og samtidig (eller på tross av) utarbeidet
de endelige statuttene. Dette kan du lese mer om her.
Eit anna vendepunkt dette semesteret var nivået på
bandets honorar: fra å kretse omkring fir-sifra beløp
(nederst på stigen) hadde vi brått rykka opp i
fem-sifra beløp. Det var litt av ein overgang for eit
idealistisk rølpe-band som eigentleg berre var ute
etter pils og tatta. Det værste av alt var at Team Turbostipend
var god for penga også.
Turbostipend får ein
av sine draumer oppfylt då dei spela på den
framståande danseband-klubben Nye Ugla på
eit veldedigheits-ball i desember 1997. Her fekk dei og
anledning til å opptre som backing-bandet til den
namngjetne sangerinna Kate Augestad, røynd frå
Bergensrocken tidleg på 80-talet.
Foto: Marianne Aagedal/Medievitskap
Avslutning: Semesteret vart runda av med ein veldedighets
opptreden for Medievitenskapelege studentar under deira joleball
i Desember på Nye Ugla, ein stad som gutane i TEAM TURBOSTIPEND
lenge hadde ynskjt å spela. Ugla er røynd for
sin gode og brune homoerotiske stemning. Fyst var det opptreden
med intern-bandet for medievitskap: Le femmes et la Fatale.
Der medvirka m.a. trommeslager Peter Clayson iført
natklubb-kjole. Deretter fekk Turbostipend den ære å
stille som backing-bandet for den kjente sangerinna Kate Augestad
som herja bergenske rockescener og klubbar tidleg på
80-talet. Ilag framsyna dei eit par nøye utvalde tolkningar
av røynde slagarar.
Noralf dreg ein gudbenådet
gitarsolo under eit forsøk på
kåvring av Sting-låta Mad about you.
Foto: Marianne Aagedal/PR-Groupie
|
Trommeslagar og perkusjonist
Petra har iført seg lekkert aftenantrekk og får
endeleg levd ut si feminine side.
Foto: Marianne Aagedal/Larmonien
|
Til slutt var det Turbostipend sin tur, og dei ga bånn
gass. Konserten blei særs godt motteke av dei unge mediestudinene,
som for anledninga vart iført freistande gallakjoler.
Det faste Bulgarske dansebandet var og begeistra for å
møte åndsfrendar i Noreg. Me fekk utveksla historiar
og homoerotiske tips før me braut opp det lystige laget
seint på natten.
|