|
Semesterrapport
Våren 1998
Teknikar-moro: Tidleg i Januar spela dei garva homoerotikarane
for Teknikersamfunnet under vekkelsesmøte i eit bomberom
ute på Nordnes. Det vart skipa til 80-talls Kro laurdag
24. januar og publikum utmerka seg med å komme med
vulgære 80-talls klede. Som vanleg var det heftig
homoerotikk frå scenen. [Bilde kjem snart]
Innta bassene: Semesteret starta med at det vart klart
at bassist og grinebitar Jan Roar Beckstrøm meldte
overflytting til ein anna klubb i hovudstaden, og dermed såg
det brått ut som om 80-talls laget stod utan ein bassist-midtstoppar.
Efter ein del moralsk sjølvransaking og mykje bruk
av kjeft vart det hyra inn ein vikar: Jan Torry. Han
var rønd frå m.a. Black Sabbath-bandet WARPIGS
ilag med Iver og Noralf, og var ein heftig homoerotikar på
alle vis.
Generalforsamling: 30. januar avholdast Xtra-ordinær
Generalforsamling for YSHEPF i heimen til Noralf, Iver og
Jølle. For sistnemde er det også avskjedsfest
før overflytting til Tigerstaden. Man pratar om strategiar
vidare. Det blir bestemt at YSHEPF frå no skal vere
ein kynisk og kapitalistisk organisasjon som berre spelar
rock'n roll for pengane sin del (i motsetning til tidlegare
då ein gjorde det for musikken, pilskassane og all
tatta på bandrommet). Det blir og konsumert edle dråper
frå Polo Deluxe, eit skikkeleg homo-erotisk
whiskeymerke.
Avkom: I februar blir verdens fyste ekte barn av
Turbostipend født: Erlend og kjæreste heidi
får ein liten gut, som etterkvart får namnet
Birk. Dette er ein av dei fyste teikn på at
Turbostipend ikkje lenger er eit ekte homoerotisk orkester.
Badstu: Seint i februar var det planlagd ein eksursjon
til ei avsidesligjande hytte i Kvam Herad som eit par av
medlemmane i YSHEPF har tilgang til i kraft av å vere
Larmonistar. Her kunne det blitt god homoerotisk
jamming i m.a. badstua, men merkelege omstende ville ha
det til at det ikkje vart tur alikevel. No tas det sjølvkritikk
i små doser.
Vikarar: 4. Mars var det speling for Nordfjordlaget
i Teglverket på Kvarteret. Ved denne spelejobben var
gitarist Noralf i London, slik at kollega Inge tok over
6-strengaren. Og keyboardist Erlend var brått gått
ut i fødselspermisjon, slik at det var naudsynt med
vikar på keyboards også. Her kom den utrettelege
Tossa til redning; hans gamle kollega frå dansebandet
CONTACT var ein som kunne sin Final Countdown! Han
heitar Dag Øyvind og åpenbarte seg som ein
duganes homoerotisk vikarierande tangentmann. Også
bassist Jan Torry var ny på scenen, men dei rutinerte
karane hala det heile i land.
Replay: Onsdag 18. mars var det klart for årets
fyste reprise: spelling for dei to arbeidsgruppene på
Kvarteret Skum og Stjernesalen. Til denne konserten var
trommis Peter Clayson for anledninga i
New York. Dermed blei det til at trommeschläger
og Generalkonsul Iver Sandøy piska dei nødvendige
skinn denne kvelden. Det vart gledeleg attendesjåing
for både musikarar og publikum. Teglverket var dampande
heit og snuppene blanke i augo. Det fine med denne gig'en
var at karane kunne legje ned instrumenta efter konserten
utan tanke på å rydde efter seg. I morgon skulle
dei nemlig spele her ein gong til!
Realfagsdagane: Torsdag 19. mars var det atter spelejobb
på Kvarteret under Realfagsdagane. Det vart ein fantastisk
konsert med fullt hus i Teglverket og steikandes liv foran
scenen. Karane leverte kan hende semesterets mest heftige
konsert, noko i nærleiken av 17. mai 1997! Turbo var
konge denne kvelden!
Ingen April-spøk: 1. April var det klart
for spelejobb på Garage igjen for dei galne Sosiologi-
studentane. Dei kan visst aldri få nok eksponering
av Team Turbostipend. No var Peter Clayson attende frå
Manhattan, og vikarierte delvis for Tossa på enkelte
sangar (som kordame) avdi han Far var på feltarbeid.
For karane var konserten ein liten nedtur frå sist,
men jamvel ein homo-kvalitets-erotisk konsert.
Nasjonaldags-nedtur: 17. Mai vart det desverre ikkje
noko av å spele på Kvarteret. Karane uttrykte
skuffelse over Laurdagsgruppas booking-politikk. I staden
kunne me sjå debut-konserten til OppNedBass,
kor kordame og Reichkansler Iver har ein fremtredande rolle.
Han har med seg kollega og sjefs-grinebitar Olav Ka e'
klokka?? på gitar og Inge 'Rypdal' Rypdal; også
el-gitar. Dei syng på kav Romsdaldialekt og fortel
historiar om hestar og katteplaging frå heimtraktene
i Rætvåg
kommune. Mini CD har dei óg gjett ut. No tek
dei snart Manhattan.
Hauso: So vart det stilt heilt fram til 20. juni,
då det atter er speling. Denne gang i eit 30-års
lag inne i Ullensvang Herad, nærare bestemt på
Hauso Samfunnshus. Karane
har akseptert å spele for kost + losji, noko som kan
hende har med sumaren å gjere. Til denne jobben kjem
grinebassar Jan Roar Rekdal for å ta Hauso-tatta med
storm. Det heile byrjar med at me blir henta i Bergen av nokre
håntlangarar. Solen skin og snart er me ved Hardangerfjordens
fyldige bredder. Me tek ferje og konstaterar at ferjebilletørsumarvikar-jenta
er ei av dei penare me har sett (og det seiar ein del; karane
i Team Turbo har sett ein DEL ferjebilletørar). Inne
på Hauso vart me teken godt imot av 30-åringen
Trond, som ikkje veit heilt kva han skal tru om denne
sortkledte gjengen frå storbyen. Solen skin og Hardangerfjorden
ser ut som eit postkort. Vikar-keyboardist Øyvind er
på plass, og det oppstår forbrødring bak
på scena då han og Erlend riggar opp sine kayboards
og synthezeisærs. Me undrar på kva me får
av kost + losji, og det visar seg å vere betasuppe og
70 liter cider. Me gjeng til åtak straks efter soundcheck
og forskansar oss på ei nærligjande brygge for
å nyte sumarens lengste dag. Klokka elleve tek me klesskifte
og entrar scena.
-One, two, three, four: Thorn in my side, you know that's
all you ever were...
Turbostipend er atter igang. Det er ein stund sida me var
åtte mann på scenen, men det gjeng heilt flott.
Sjefs-groupie Live tek mange fine bilete. I salen sit alskens
folk mydlå 25-60 år og bæljer cider og
heimebrygga Hardanger-øl. Dei dansar også.
Etter konserten held me koken til klokka tre på morgonen
med rocking til Van Halen schlägarar. Så
stablar me oss opp på vår faste brygge og sjår
sola stå opp litt over klokka halv fem om morgonen.
Farsfiguren er kraftig påsegla, med resten av mannskapet
hakk i hæl. Petter har byrja på det som ein
dag skal bli eit slektsepos i sju delar med tittelen 'Åtgaum'.
-Det heile byrja med Gunnar, fortel Petter. To tusen nautiske
mil aust for New Zealand har båten blåst ut
av kurs, men Kaptein Klasson og hans trufaste mannskap er
alt anna enn gretne. I eit repa tau 300 meter akterut heng
Tossa, fastbunden og kjølhalt, no på tredje
veka. Dei tek han opp til kvelds; han er dekt i alger og
blåskjell.
-Skal du ha litt cider? spør styrmann Beckstrøm.
Dekksgut Oppdahl er ikkje akkurat taletrengt, men mumlar
noko om at han er villeg til å bytte inn fire lesper
for ein sprek 7-åring. Lettmatros Eidsvik konstaterar
at Oppdahl gulpar ein hel del.
Serien Åtgaum framheld ved eit seinare høve,
melder Klasson.
Oppsumering/konklusjon
Eit særs travelt semester for karane i YSHEPF, prega
av omveltningar og intern grinebiting. Eit kjenneteikn er
stort konsum av vikarar, x-tra hjelpar og folk som 'steppar
inn' når det trengs. Det kan virke som om verksamda
tek seg inn litt avdi medlemmane er opptatt på andre
hold med sine respektive samfunns-oppgåver. Men det
er varsla auka aktivitet til hausten.
|