|
Semesterrapport
Hausten 1998
Hausten blei innleia
med grinebiting og slapp kølle. Det vart no klart
at gitarist Noralf skulle ta over administrasjonen og
booking-politikken, anten han likte det eller ei. Dette
avdi tidlegare arbeidsjern var travelt opptatt med anten
familie eller hovudfagsoppgåve. Hausten blei og
innleia med nye presseskriv
der me gjorde det klart at bandet var frå no av
verdt minst kr. 7 000,- i honorar. Turbo var ikkje
i tvil eit helvetes sekund om at dette ikkje lot seg gjennomføre.
Me byrja også å øve inn nye låtar:
Relax (F.G.T.H), Venus (Bananarama) og Fight,
4 your right...to PARTY! (Beastie Boys). Karane var
litt skeptisk til korleis dette ville gå. Sangane
var krevande, og musikantane hadde vegring mot for mykje
øving. Men dette vart kompensert med deira uendeleg
brede rutine. Særleg Venus satt som ei kule.
No var det også fast speling med Jan
Torry på bassgitaren. Etter nøye konsultasjon
med både stylist og motedesignar valgte han ein
slags 'homo-sleazy-erotisk' look. Ein miks av lær
og tights framkalla det rette image som eit band av Turbo
sitt format krevde. Han sa og klart ifrå at han
ikkje ville spele sangar som var meir komplisert å
spele enn at han kunne hoppe opp og ned mens han framførte
dei. Dette vart akseptert. Vidare blei det no og innført
rullering (eller veksling) bak slagverket på enkelte
låtar. Petter og Iver gjorde kvarandre ein gjensidig
teneste ved å bytte plass under Touch Me
og Walk this Way. Dermed fekk perkusjonist Clayson
testa stemninga på fyste rad med litt hugging
the girls, mens Iver kunne denge trommer og cymbalar
samt torpedere stortromma med dobbel pedal. Resultatet
vart to-sidig tilfredsstillande for alle partar.
HF-Pingler: Fyste spelejobb for hausten
var under fadderdagane for HF-fakultetet den 17. august.
Seansen fann stad på den omdøypte klubben
Amorini, og det vart gledeleg gjensyn med Kaptein
Krok Lydservice A/S. Me rigga opp og avvikla Soundcheck
i røynd stil. Denne gang anekterte me heile dansegolvet
og det kom til å få kraftig innverknad på
sceneshowet. Klokka 23:00 var det stappfult i lokalet
og me fyra laus. Publikum var fyst skeptiske, men dei
makta ikkje å halde imot særleg lenge. Riktignok
avtok antalet utover natta (det vart organisert nachspiel),
men dette førte til desto fleire som storma 'scenen'
mot slutten av konserten. Dei tre siste låtane var
det fult av elleville nybakte HF-arar som dansa ilag med
bandmedlemmane. Erlend sa seinare i ein svett kommentar
at '...det e' fyste gong eg har sett ei jente spele
luftorgel!'. Det var tilløp til både
luftorgel og luft-trommer under Final Countdown.
Etterpå drakk me bandpils og åt band-is. Ikkjenoko
nachspiel, men det var ikkje så farleg avdi det
var Mandag. Ikkje fekk me fullt honorar heller, angiveleg
avdi Herr Venaas hadde inngått spesial-deal med
arrangørane før sumaren. Det vart buksevann
og smekk på pung ved fyste øving.
Team
Turbostipend inntar Hulen under SV-fadderdagane seint i August.
Nytt av sesongen er bytte av trommisar under utvalde låtar.
Her kan ein se perkusjonist Clayson synge det han er god/dårleg
for under Fru Fox's Touch Me, akkompagnert av Tossa
og Jan Torry på bass. I forgrunnen kan ein skimte kameramann
Rune Smistad igong med det som snart skal bli doku-dramaet
'Eg - ein Turbohead'.
Foto:
Tone Midtgaard
SV-pingler: Veka etterpå var det fadderfest
igjen, men denne gong på Hulen. Det var langt fleire
SV-fadderbodn enn HF-fjortisar, og dermed også eit sabla
liv foran scenen. Det var full kokings gjennom heile konserten,
og vekkelsesmøtet vart filma av ein røynd videoregissør.
Videotape'n har blitt ettertrakta samlerobjekt blandt svorne
Turboheads. Men til denne konserten opplevde me noko heilt
utruleg: då me skulle igong med X-tra nummer kom arrangørane
og sa at me måtte bli ferdig på 5 minutt! Det
makta me jo ikkje, og like før klimakset med Final
Countdown kutta dei ut strømmen og me fekk ikkje
fullføre. Både bandet og publikum vart særs
skuffa og vonbråten, avdi me hadde gira oss skikkeleg
opp til denne fanfaren av eit avslutningsnummer. Slukøra
gjekk me i garderoben, og kunne igjen konstatere at me ikkje
vart invitert på nachspiel. Men me fekk solid attendemelding
på at dei nye låtane satt som dritt i kram snø.
Noralf dreg nok ein
støyandes gitarsolo under speling av Fight
for your right to...PARTY!!!.
Foto: Tone Midtgaard/PR-Groupie
|
Trommeslagar og perkusjonist
Peter Clayson har tatt steget fram på scenen,
og får kyndig rettleiing av den meir scenevante
Tor Helge.
Foto: Tone Midtgaard/SV-Barn
|
Lågkonjuktur: Etter gig'en på Hulen vart
det stilt eit par veker. Me byrjar å mistenke at honorar-politikken
vår moglegvis har slått attende på oss sjølve.
Kun ein stadfesta spelejobb i Oktober, og då med dei
utrettelege Turbo-heads i Interngruppane på Kvarteret:
Skum og Stjerne. Me tek sjeldan sjølvkritikk, men no
ser det ut som om dei kunsteriske ambisjonane har måtte
gjere knefall på komersialismens alter. Og me som alt
hadde planane klare for neste konsept: eit to-delt scene show
som skulle synleggjere både dei naive og dei mørke
strømingane på 80-talet. Fyste sett vart kalla
Pretty in Pink, og sminke + kledsel vart plukka ut
derefter. Andre sett fekk namnet Back in Black, og
klesstilen vart dominert av lær, sorte tights, lederhosen,
handjern, pisk og brutalt fottøy.
Konkurrentar: I September kom det brått eit
stort oppslag i Tid £ Sted om eit 80-talls band i Bergen.
Gosjameg: Turbo hadde fått sine fyste seriøse
konkurrentar! Bandet kalla seg Miami
Vice Machine og hadde eit heilhetleg kostyme-konsept og
kvinneleg syngedame og greier. Men dei hadde ikkje Poco
Loco dress gjekk det fram av avis-omtala. Me fann ut at
dette bandet bestod av gamle garva session-musikarar frå
byens musikarmiljø, og at dei aldri i livet kunne halde
same tempo som Turbo etterkvart er røynd for. Dei
spela på Maxime, og rykta ville ha det til at dei kæschja
inn tre gonger så høgt honorar som Turboistane.
I tilleg til proff fargeplakat og tydlege vennskapsband inn
i redaksjonen i Bergens Tidende, såg me oss slått
i fyste runde. Desse plagiat-typane hadde t.o.m. fått
tag i han derre Pat Sharp, ein aldrande og avlegs VJ
frå 80-talet kor han jobba i det tidlegare Sky Channel.
Pat Sharp var røynd for verdas lengste Hockey-sveis
og for å smadre tenåriningsjentehjerter i tusental.
Me var berre måteleg imponert.
Nok ein gong: Interngruppene på Kvarteret, Pub
og Kafe, kan tydlegvis ikkje få nok av dårlege
80-talls hits og heftig sceneshow.
Me stilt opp igjen på Kvarteret tidleg i november for
å rokke rumpe, og det vart ein utruleg konsert!! M.a.
hadde me catwalk for fyste gong, og det var særs populært
innslag i sceneshow'et. Konseptet med to-delinga av kostymer
og låtutval fønka også etter alle solemerkar.
Det hadde gått rykte på Kvarteret om at Turbo
skulle spele, så Teglverket var stappfullt av dansande
og glade studentar - mange utenom dei opprinnelege interngruppene
som var arrangørar.
Tossa gruuv'er på
den nye orgelet som han
nyttar under RELAX og VENUS. Nytt 'Jane Fonda' inspirert
antrekk høyrar også med.
Foto: Marianne Aagedal
|
Noralf vurderar kva fag
han skal studere til våren, og finn omsider ut
at det fristar med Medievitskap hovudfag. Vil han komme
inn på dette prestisje-faget?
Foto: Aagedal, Marianne
|
Oppsummering:Semesteret vart prega av det faktum at
me ikkje fekk så mange spelejobbar som me hadde ynskja.
Ein nærliggande årsak er nok honoraret som var
noko stivt. Bandmedlemma har no sagt seg villege til å
fire på krava og har dermed åpna for lokale forhandlingar.
Yngve Haagensen har uttalt at musikarane ikkje bør
gje etter for marknadskreftene, men det er lett å seie
når honoraret ikkje bringar mat på bordet. Det
skal samtid nemnes at medlem Peter Klasson leverte inn sin
hovudfagsoppgåve denne hausten, slik at aktivitetsnivået
naturleg nok var lågt.
|