|
Semesterrapport
Våren 1999
Gutta
i TEAM TURBOSTIPEND har nytta joleferien til å tenka
seg om, og kommet fram til den erkjennelsen at honoraret
på kroner sju tusen ikkje er realistisk. Det er ein del
teikn som talar sitt tydelege språk, så som
vanskelegheita med å få spelejobb, samt vanskelegheita
med å få betalt etter endt spelejobb. Av den
grunn vart no honoraret satt til 7X800
som gjer det uhåndgripelege svaret 5 600,-
spenn. Og det fønka visst...
Faddarar: 4. februar var årets fyste spelejobb.
Det byrjar å gå rutine i enkelte speleoppdrag.
Nok ein gong var det klart for kanonkonsert under fadderdagane
for SV-studentane på Hulen. Denne konserten vil verta
hugsa for det faktum at arrangøren ringte kvelden i
forvegen og medellte at dei hadde vært nokså slappe
med PR-arbeidet, slik at '...det kan jo henda at det ikkje
komme någen'. Bookingansvarleg i TEAM TURBOSTIPEND skal
ha blitt rasande på denne dusten frå arrangementskomiteen
og sagt klart ifrå kvar skapet skulle stå. Dei
rette vedkommande tok sjølvkritikk og konserten vart
avvikla - med eit rikeleg antal publikummarar. Og denne gongen
rakk me å fullføre innan Hule-personalet var
tvungen til å kutte strømmen.
|
Skum + Pub: Onsdag 10 mars, Teglverket.
Nok ein gjengangar på konsertfronten er den semestervisse
opptredenen på Kvarteret for interngruppene Skum
og Pøbb. Denne gong hadde me med oss tidlegare
bassist Jan Roar som stand in stunt-operatør i
ein sacco-sekk, iført grilldress og sykkelhjelm,
lesande på VG og generelt misbilligande tilstade
- samt gjesteopptreden på Summer of '69.
Fullt hus også denne gongen, som alle gongane før.
|
Med cat-walk, sleazy dansing og adskillege PR-kåte
groupies vart dette ein festaften av internasjonal målestokk.
Når blir dei lei???? Det kan virke som om TURBO har
inngått ein slags langsiktig avtale med interngruppene
på Kvarteret, at dei ikkje veit anna råd, eller
at dei har hamna i ein ond booking-sirkel. Uansett vart det
kjekt for gutta i bandet, avdi det er bestandig bånn
gass og full pupp på desse konsertane.
ROKKERING: Under 'Walk this
way' vart det anledning for keyboardist og småbarnsfar
Erlend å ta ein tur på fyste rad ilag med
dei andre frontlinje- forkjemparane. Der kan han oppleve
ein del ville publikummere og skummande pils.
foto: Marianne Aagedal |
BEUNDRING: Stjernefotograf
Aagedal tek seg ein pause frå det krevande arbeidet
som hoff-fotograf og diggar litt sleazy-kledt kordame
på fyste rad.
foto: Vi aner ikke |
FARGERIKT: Den fyste delen
av settet er prega av pastell-fargar og ein lyseblå
tro på livet og framtida. Jan Torry kjørar
Money for nothin'
foto: Marianne Aagedal |
Kapitalist-after-ski: Laurdag 13 mars var det påny
klart for møte med dei blivande direktørane
på NHH. Me skulle spele på AFTER SKI som vart
arrangert i samband med ein s.k. 'skidag'. Ifylje arrangørane
skulle det vere mellom 3 og 4 hundre publikummarar tilstaes
klokka ni på kvelden. Den gong ei; folk var anten sletne
etter skigåing eller så visste dei ikkje om konserten.
TURBO spela for halvfull sal inne i Campus kor det var samla
ein salig blanding av ivrige økonomar og gamle Turbo-fans.
Spesielt dei gamle Turbo-fans'a gjorde stort nummer av seg
sjølv og okkuperte til tider heile dansegolvet. Men
det vart ein heidundrandes konsert lell, noko som dei mange
booking-folka veit å sette pris på. Ny spelejobb
på NHH er fredag 20. august!
LINE-UP: Noralf, Jan Torry og
Iver tek han heilt ut under framsyning av 'Summer of 69' under
ein rå konsert i
Teglverket. På sidelinja kan ein skimte farsfiguren
i konsentrert avdrikking av likvide midler.
Foto: Marianne Aagedal
Sosiologi-gjensyn: Tysdag 25 mai var det eit gledeleg
attendesjåande med dei glade elevane ved sosiologisk
institutt. Konsert på Garage denne emininente vårkvelden
var ein sjeldan god og stemningsfull affære, med fleire
krumspring og halsbrekkande scene-stunts. Turbo fekk vist
at det ennå var liv laga i gamle schlägarar. Ny
låt for anledninga er sjølvsagt Prince
med 1999... nokon andre? Også ein god del medievitarar
var på konserten avdi det nett hadde vore innlevering
for ein del av hovudfagskandidatane. Personalet på Garage
vart so begeistra at dei rekomanderte oss spelejobb i haust,
og det har me fått stadfesta: laurdag 4. september!
Voi voi!
Oppsummering: Semesteret viste at homoerotisk 80-talls
musikk ikkje heilt var gått av moten ennå. Eit
jevnt tilsig av spelejobbar stadfestar dette inntrykket, samt
det faktum at fire gig'ar for haustsemesteret alt er book'a.
Me er jo spesielt glad for konsert som skal spelast på
Garage laurdag 4. september. Dette vil verta ein liten værballong
kor me kan måle kor mykje vårt eige lille merkevare
er verdt. Det er visst også tydeleg kva eit band av
vårt format er verdt i honorar, så me har slått
oss til ro med kr. 5 600,- for ein god jobb (samt dei evindelege
kassane med pils).
Hausten som kjem vart spennande på alle vis, då
keyboardist Eidsvik skal avgårde til Nepal for å
forske, slik at det vil verta naudsynt med ein vikar på
tangentar. Tidlegare har godeste Dag Øyvind tatt i
eit tak, så me får sjå om han har tida no
i haust.
Semesterrapporten godkjent på den manglande Generalforsamlinga
juni 1999
|