Dei Homoerotiske sidene 2007
Semesterrapport Høsten 1999

80-tallet er attende!!!

Hausten 1999 er ein ny æra i Turbostipend si historie: brått er 80-talet på moten igjen!?! Me har fira spelejobbar i rask rekkefølge, og desse genererar atter andre jobbar. Semesteret er knapt byrja før me må i øvningslokalet for å friske opp gamle schlägere og øve inn nye. Eit par av musikantane er nokså rustne i ledda etter ein lang sumar, men eit par heftige kveldar i Atomreaktoren får opp guffen og den gamle feelingen.

NHH-Fadderuke: Me startar kalaset med ein ny jobb i Campus på Noregs Handelshøgskule. Fredag 20 august (samme dag som Star Wars EPISODE 1 har premiere) er me atter på plass på scenen og sparkar løs med You give love a bad name. Denne gong er det STAPPFULT inne på Campus: minst 2-300 gærne og ferske NHH-studentar slepp seg laus innfor eit nytt semester, og det blir fort badstu-temperatur inne i det trange lokalet. Folk står som sild i tønne. Foran scena er det kokings på barrikadene, og eit par av snuppene vart nesten klemstra i trengselen. Snart er dei staute musikantane drivandes blaute av svette, og må etterkvart kaste klærne. Vi spelar i snaue to timar og alle går ned syv kilo råka av tap av væske. På Final Countdown er det fleire i publiken som må melde pass avdi det er for varmt! Ein ubetinga suksess og enin knallstart på semesteret!

Turbostipend rokker FOLKEN
BÅNN GASS: Turbostipend lager kanonstemning i Studentenes høgborg i Stavanger, FOLKEN. Opp mot 600
elleville sjeler lar seg beruse av gutta frå ein anna tidsalder.
FOTO: Anna Klasson

TUR TIL STAVANGER: Torsdag 26 august er det Fadderkro på Folken i Stavanger. Lokalet er ein gammal kinosal som har verta bygd om til studentkulturhus med stor scene og galleri for kresne publikummere. Me tek fly og båt til siddisanes hovedstad. Team Turbostipend innlosjeres på eit berømt gästhaus ute på Hundvåg, kor vertinne Inger Klasson tek vel imot karane frå Bergen. Det er mykje rot i organiseringa av spelejobben, m.a. så er det stress å finne backline, og me får ikkje soundcheck grunna at dei har ein revy gåande, og scena må ryddast innan me kan gå på. Stressfaktoren i forkant av konserten gjer nok sitt til at gutta er ekstra gira innfor opning av sett'et klokka elleve.

Gutta på eit berømt gasthaus ute på Hundvåg
Hundvåg: Ein øy utanfor Stavanger, ti minutt med drosje. Det er heimstaden til Petter, trommis og webansvarleg. Kjekt med konsert i heimbygda, syns Petter. Dei andre kjenner seg attende ute i periferien.
FOTO: Tone Midtgaard
Torry er i hundre på fyste rad
Jan Torry grip sjansen og fokkar opp stemninga med dei unge Stavanger-studentane på fyste rad. Med fare for egne forplantningsorganer kjørte han
beinhardt ut på fyste sett.
FOTO: Tone Midtgaard

Turbotryne går på scenen etter ein nervepirrande ad-hoc lydsjekk (kanalane vart kun sjekka for lyd/ikkje lyd, alt mens 400 pulikum var i salen). Men det gjekk bra lell. Etter ein steinhard åpning var det full fres gjennom fyste sett. Publikum var til å byrje med litt skeptiske: 'Kva er dette for eit opplegg? Ter dei seg slik i Bergen?' Men dei kom snart på bølgelengde, og då gutta kjørte igang med The one I love var det allereide god stemning i salen. Arrangørene var på forhånd åtvara mot at det kunne bli mykje liv, men de i hadde no latt eit par bord+stolar stå framme, just in case. Dei fann fort ut at folk ville hoppe og danse, så det var berre å rydde unna litt brennkvikt.

Iver, Erlend og Noralf Med ny digital teknikk vart Team Turboturbo foreviga med s.k. 'widescreen-kamera', eit apparat som kan ta bileta i breddeformat. Dette er eit format som kler gutta ganske godt, spesielt på konsertar med slike elleville tilskodarar.
Foto: Tone Midtgaard

Konserten vart ein einaste lang triumfmarsj gjennom 80-talets mest vülgære hits. Gutta spela frå Beat it til Fight for yer right... to paaaarty!!! Nytt av året var Alphaville-schlägeren Forever Young, her avsunget med eit spesielt snakke-intro signert trommeschläger Clayzon. Publikum verka å ta godt imot denne gamle kline-låta, særleg etter hardkjøret med Final Countdown. Gutta syns det er OK å kunne roe ned med ein klinelåt etter at folk har tatt seg heilt ut på Europes hyllest til årtusenskiftet.

Trommer i lange baner
SLAGVERK: Etter ein del hardnakket organisering makta perkusjonist Clayzon å få eit syv-trommers slagverk opp på scenen og god smækk i alle tam tam'ar. Det låt skikkeleg fett på dei mest topptunge overgangane.
Foto: Tone Midtgaard

Peavy reiser kjerringa
TEATERSAL: Folken er ein gammal vidgjeten kino- og teatersal, så det var tjukt i folk oppe på galleriet. Dette var ein ny kjensle for gutta i bændet, å bli hyllet av overklassen som hang over gelenderet der oppe.
Foto: Anna Klasson

SPELLEJOBB PÅ GARAGE: Lørdag 4. september hadde Team Turbostipend sin første ordentlige spillejobb. Med det menes at vi skulle avholde konsert for allmenheten (ikkeno' internt arrangement) og på en lørdag (allminnelig gå-ut-på-byen-dag) på GARAGE (populært sted for musikkinteresserte). Nå var jo forsåvidt gutta varme i trøya på Garage, da alle har tidligere spilt der med andre band og andre konsept, samt at Turbotryne hadde opptrodt der ved et par tidligere anledninger. Men nå var det altså bare oss på plakaten, og tidlig i semesteret for byens studenter. Det måtte bli suksess.

Jan Torry er heit og klam
JAN THE MAN: Ein sleazy kar med bånn gass ved frontlinja. Denne kvelden var uvanleg varm for å være Bergen og Vestlandet, slik at temperaturen nede i Garage-kjellaren raskt nådde sydlandske tilstander. Foto: Marianne Aagedal

Peavy koker opp publikum
HEFTIG: Publikum var sterkt engasjert i sceneshow'et, og mot slutten av konserten hadde dei langt på veg overtatt scenen og dansa med bandmedlemmane.
Foto: Marianne Aagedal

Det var stappfullt nede i Garage-kjellaren denne kvelden, antagelig grunna at mange av studentane hadde nettopp fått sine studielån. Dette førte til at stemninga var ganske høg då bandet entra scenen, og TEAM TURBOSTIPEND var dei rette karane for å takle dette forventningspresset. Clayzon synger rapTemperaturen var allerede høg, og det steig enda raskare då gutane sparka igang med Bon Jovi og puddel-heavy schlägerene på løpande bånd. Svetten sila allereide på fjerde låt, og då fyste sett var ferdig vardet fukt på vegg og publikum. Halvvegs uti andre sett byrja det å dryppe frå taket, og alle dei elleville dansande folka foran scenen var drivandes blaute. Nett denne kvelden var uvanleg varm, ein slags vestlandsk tropenatt som det var ein del av på sensumaren '99. Og det merka ein under konserten. Musikarane måtte ty til vatn istaden for den faste halvliter pilsnerøl for å halde væsketapet i sjakk.

Mot slutten av konserten hadde publikum langt på veg entra scenen, og då Final Countdown drønna ut over anlegget var det full fres og dansande samkvem mellom musikarar og publikummarar oppå scenen. Ein herleg avslutning på ein heit konsert. Og det vart klingande mynt i kassa for gutane, noko som sjølvsagt var fole kjekt sånn på starten av semesteret. Det skal også seiast at det gjekk ein del i Farris og Olden oppe på bandrommet, trass i store mengder bandpils i kjøleskapet.

VIKAR: Erlend Eidsvik har no gjort seg klar til å reise mot østlege breddegrader, til Nepal og katmandu. Her skal han forske på geografisk relaterte emner, samtidig som han vil freiste å drikke ein del av dei lokale brennevisnmerkene og (om mogleg) prate visvas med ein del lokale svirebrødre. På tangentar og keyboards kommer då Dag Øyvind Rebnord inn frå venstre med høge kneløft og knatrande kastanjetter. Han har over ti års røynsle frå danseband-bransjen, og er ein kar som (etter sigende) 'kan sin final countdown'. Han finn fram nokre 80-tals klede og er med i dansen.

Turbostipend i Stavanger ANDRE SPELING I STAVANGER: Laurdag 9 oktober var det klart for andre skikkelege spelejobb i Stavanger. Etter konserten på Folken vart me raskt kontakta av konsertarrangørane på Dei Røde Sjøhus, eit legendarisk utested i Stavanger.Dei trong oppvarmingsband for POSTGIROBYGGET, som er eit staut norsk visepop-rockorkester. Turbogutta tok seg ned til Rogaland Fylke med båt, buss og fly - fullasta med forsterkarar, kostymar, gitarar og cymbalar. Inne på Sjøhusa var soundcheck sterkt forsinka, så gutta satte seg inn på bandrommet, ein (for anledningen) avstengt resturant i annen etasje. Etterkvart kom Post-gutta, men dei var ikkje så snakkesalige. Ikkje helsa dei, og ikkje var dei nevneverdig interessert i denne rare gjengen med gutar frå Hordaland. Slik blir ein når bandet har turnert heile landet og sunget om tre-og-tyve tommer samt sløv utan dop. Dei var blitt litt sløve etterkvart, noko som var ein skuffelse for trommis Clayzon som har vart Postgiro-fan i all hemmelighet dei siste åra. Men me fekk ete middag ilag med dei, trass i at me satt på kvart vårt bord.

Turbo gjekk på scenen klokka halv elleve, og det vart fullt på dansegolvet ganske kjapt. Dette publikummet var noko ansleis enn dei sedvanlege studentane, så det tok litt tid å finne tonen. Det var omtrent 20 unge tenåringsjenter på fyste rad, alle med singlet og to fletter i håret. Ikkje tvil om ken som Postgirobygget appelerar til.Dei var imidlertid ironiske nok til å bli med på kjøret, og hylte og klådde på gutta på scenen. Men det var eit par av gutta med bart som vart skeptiske når bandet skifta kostyme og framstod som lærhomser på bytur. Særleg bassist Jan Torry kun iført sort badebuske og skinnkæps fekk ein del skeive blikk. Men det hindra ikkje Bryne-folka å headbænge då Final Countdown tona inn (evt. ut, alt ettersom). Ein bra oppvarmingsjobb på alle vis.

BJELKER OG FISKEGARN: Interiøret i Det Røde SJøhus bærar preg av både beliggenhet og navnevalg. Langt på veg gjenspeilar det også klientellet som ferdast der; staut norsk landsens ungdom som er på bytur for litt halloi. For gutta i Turbo var det som å komme heim.
Foto: Hans G. Klasson
They worked hard for the money
HONORARET I BOKS: Ingenting kan måle seg med kjensla ein har etter konserten kor ein drikk sin fyste pilsnerøl og så får honoraret i hånda (etter ein nødvendig runde med papirarbeid og signering av kvitteringar). Då får ein bokstaveleg talt lønn for strevet, og Turbo-tilhengarar flokkar seg omkring.
Foto: Inger Klasson

Attende på bandrommet vart me møtt av likegyldighet frå Post-gutta, så me tok til å skifte på vår henviste plass inne i hjørnet. Det som var ekstra koseleg var at no oppholdt det seg tre kvinner på bandrommet. Det var ingen andre enn Tre sterke kulturpersonligheter i norsk artistlivAnita Skorgan, Silje Nergaard og Marianne Antonsen (!) som satt ved eit bord. Dei hadde deltatt i ein veldedlighets-arrangement et annet sted i bygget, og slappet nå av med sigaretter og nokre glas kvitkvin. Dei hilste og skratta godt over antrekka våre, og festlegare vart det då me måtte skifte medan dei såg på. Gutta i Turbo kjente seg som ekte profesjonelle musikarar ilag med desse folka. Me vart tatt godt i mot og dei lytta interessert då me fortalte om korleis det hadde gått med konserten vår. Ei stor opplevelse for mange av turbokarane. Og samstundes gjekk Postgiro-bandittane på scenen, så me kunne drekke litt av bandpilsa deira. Og rett etterpå kom arrangørane med honoraret, så då var det julestemning! Honorar er alltid kjekt. Dei var også så begeistra at dei ville ha oss til å spele nye konsertar, så me har booka to opptredener i januar og februar år 2000.

Turbo på internfest - TAKE 5: Onsdag 20 oktober 1999. Nokon rituale har me kvart år: julaften, påskeferie, problemer i fotballklubben Brann og slike ting. Internfest for Pub/Kafe på Kvarteret har også etablert seg som ein slik gjentagande bauta i semesteret, og i hasut, som i vårs, som forrige år, INTERNFEST i Teglverket! Dei veit kva dei får, og Turbo veit kva dei må gjere. Slik sett får ein nøgde folk i begge ender. Haustens konsert sto ikkje tilbake for tidlegare, om ein ser bort ifrå alderen på dei frammøtte. Dei held seg stadig på 19-20 talet, medan gutta i Turbo stadig vart eldre.

Snuppene inntar scenenOppsummering: Alt i alt eit givandes og engasjert semester, med mange nye spelejobbar og nye horisonter med speling i Stavanger. Og då nyhenda om Milleniumskonserten vart stadfesta tidleg i desember så var det som prikken over i'en, eller toppen på kransekaka (om du vil). Turbo er i vinden og me veit når me skal ta rev i seila. Me veit også at oljeeventyret ikkje vil vara evig, så me ser oss stadig om etter alternative energikjelder. Men slik det ser ut nå så vil 80-talet vare minst eit årtusen til...

 

Semesterrapporten godkjent på den manglande Generalforsamlinga November 1999


Attende til hovudsidane


Dei Homoerotiske sidane er realisert med heftig innstats frå frender og støttespelarar frå både nær og fjern.
Takk til dei som veit det.