|
Semesterrapport
1. kvartal vår 2001
 |
AFTER
SKI : Vokalist og kombiløper
Peavy får opp stemningen under økonomi-studentenes
vinterleker januar 2001 oppe på Ål Skisenter.
Det var bånn gass og høy stemning fra første
stavtak.
Foto: Klas Petterson |
After
Ski på Ål Skisenter 27 januar
Turbostipend var invitert til å spele under De økonomiske
vinterleker på Hotel Actif, rett i bakken ved Ål
Skisenter. Det var snakk om å underhalde på det
røynde konseptet 'After Ski', som jo tydar å
drikke seg full etter å ha vore i skibakken heile dagen.
I anledning opplegget leide me ein Turnebuss og kjørte
de 40 mila frå Bergen til Ål, og det gjekk tålig
bra med kordame Tossa bak rattet (hadde han ikkje kjørt
tusen mil den gong dansebandet Contact herja på
vestlandet?).
Det som var fett med denne spelejobben var at
straks etter ankomst og lydsjekk, var det klart for konsertstart.
Skibakken stenger nemlig i fem-tiden, så dermed var
konserten igang allerede kvart over fem. Det var høg
stemning og eit publikum iført dyre skiklede og snowboard-mote.
Men dei kunne hoppa og dei kunne gaule Åååøøøåååhh
- wi're hælfwøeii dææær! Living
on a praæææyyyer!! Eit kanonbra opplegg,
og som var ferdig klokka sju. Det tydde at gutta var ferdig
å pakke klokka halv åtte og kunne gå på
bankett, med tre retters middag og Cafe Avec og diskotek
og heile pakken.
|
Bassist Einridet har teken
på dei vanskelige notane og transponeringane i
sangen '10 000 lovers'..
Foto: Erlend Sidsvik
|
Tossa frelser kapitalist-studemter
på løpande band.
Foto: Klas Petterson
|
Etter konserten kom me i snakk med mange av
økonomi-studentene, og særleg gutane uttrykte
at dei hadde vore livredde for Reichkansler Iver og hans nye
habitt. Mannen ser alt anna enn snill ut når han framsynar
'Rock me Amadeus' frå scenekanten. Han spelar
dessutan schlechter gitar og er generelt tilstede på
eit urokvekkande vis. Men seint på kvelden er han berre
kos.
|
Reichskanzler Iver von
Sandøy tek 'Eye of the tiger' på
strak arm.
Foto: Erlend Sidsvik
|
Er war ein punker und
er liebt in der grossen stad.
Foto: Klas Petterson
|
Natta vart tilbragt på ei hytte attmed
hotellet, og der var det fasaliteter som t.d. badstu, noko
som var poppis for dei av bandet som hadde fartstid frå
Larmonien. Og dagen etter var det sol og blå himmel
- så det vart skitur! Erlend, Tossa og Klasson spente
på seg plankane, tok skitrekket til topps og la iveg
innover vidda. Dei var ekte Turboråkkenrollere og Skientusiastar.
17
februar: After ski på Hallingskarvet Høgfjellshotell
Nok ein gong skulle Team Turbostipend stille
med fullstappa hemagloboin i blodårene for å underhalde
ved After Ski, denne gong under De juridiske Vinterleker
som gikk av stabelen på Hallingskarvet Høgfjellshotell.
Det vart som vanlig bånn gass og hurlumhei, bare at
det vart After Dinner istaden for After Ski.
Grunnen var uvær og storm på strekninga Aurland
- Hol, så det vart omkjøring om Hemsedalsfjellet,
og dermed ankom me to timar for seint. Konserten vart flytta
til kl. 23:00, rett etter gallamiddag. Også denne gong
vart me innkvartert på hytte, og den låg idyllisk
til ine i skogen, med utsikt ut over dalen.

Trynefaktor?
Tossa kjører bandbuss.
(foto:
Erlend Andrestyrmann)
|
På
vei til Hallingskarvet Høgfjellshotell måtte
me kjøre om Hemsedalsfjellet p.g.a. at uvær
hadde ført til stengning av Aurland - Hol. Det
var ei tøff oppleving.
|
Etter lydsjekk vart det altså gallamiddag.
Jusstudentene var ikledd aftenkjole og smoking alle som ein,
og det vanka sigarar og dyr perfyme. Menyen bestod sjølvsagt
av vilt, denne gong Elgsteik med god raudkvin. Det var tilløp
til lange talar og brave ord frå både toastmaster
og andre taleføre unge menn.

Team
Turbostipend på gallamiddag, iført våre
fineste klede, og framleis istand til å halde i
kniv og gaffel slik me lærte heime.
Foto: Peter Clayzon |
M.a. var det sjølvaste Hotell-direktøren
som ynskja velkommen og slang på eit par faderlege formaningar
om '...fest med måte' og 'kose oss'. Deretter kom serveringspersonalet
på geledd for å mette sultne og tørste
menneskje. Det tek på å vere på høydetrening
på høgfjellet. Men det var glimrande stemingn,
og bandet kunne sjølvsagt forlate bordet når
dei ville, utan å måtte fornærme dei tolv
talarane som stod i kø.
Så var det klart for konsert og Gang Bang.
Gallagjestene var ganske mette etter en svær tre-retterrs
middag så det tok litt tid å få opp stemningen,
men rundt midnatt var det hallingkast og half-pipe på
første rad. For anledningen hadde bassist Jan Torry
fått tak i ein gammal 80-talls bass, som såg veldig
bra ut, men som læt heilt jævlig. Trass i mykje
skruing og mekking frå lydmannen si side, så låt
det berre fettebass lang veg. Torry var som vanlig ikkje villig
til å legge seg flat. Me andre måtte bare beklage
at det vart slik.

Voi
voi på fyste rad. Peavy er prima ballerina. Me
er halvvegs i sangen 'Jusstudentar just want to have
fun'.
Foto:
Merethe
|
Fuckface
og Fettbass i munter passiar medan dei søng kramgoda
80-talls låtar för Jusstudentar på
Hallingskeid Høgfjellshotell. I bakgrunnen: Erlend
Sidsvik.
Foto: Merethe.
|
I røynd Turbo-ånd var det liv foran
scenen, og då me kom til Final Countdown var
det som vanlig kanonstemning og ein DEL blivande aktorar og
politijuristar som herja rundt på fyste rad. Det er
sjølvsagt kjekt at dei som tilber oss er iført
slike lekre kjoler og dressar. Det vart trugsler om søksmål
og lignande då me endeleg kom til siste låt, som
jo oppsumerte alt: Forever Young.

Vakre
publikummere tek ein pust i bakken medan Reichkansler
testar språkkunnskapane til dei blivande juristane.
Foto: Peter Clayzon |
Men gallagjestene var nøgde med den dosa
pære dei fekk tildelt, og kunne gå lyckliga i
baren for å drikke meir edle dråper.
Etter konserten var det tilløp til nachspiel
på bandrommet ilag med en del av betjeningen og ei heftig
dame som var utsendt av Buddweiser leskedrikk for å
pushe pils på jusstudentane. Me fekk innsyn i ein del
av logistikken bak dette PR-stuntet og kunne såleis
nyte godt av sponsorpilsner. Natta vart lang og vakte åtgaum.
After Ski er jaggu kjekt.
BI-sandvika
23.februar
Turbostipend har etterkvart blitt vande med å krysse fjellet,
og er no røynde i diskusjonen Hol-Aurland versus Lærdal-Gol.
Etter økonomiske vinterleikar i Ål tykte BI-studentane i Sandvika
at Turbostipend måtte til den Økonomiske Høgborga på austlandet
for å spele Nasdaq-indeksen rett i taket. Faktisk vart fleire
takplater på Kjæller'n på BI øydelagt av ekstatiske økonomi-spirer
som stagediva hemningslaust til glam-låtane som Turbo Mk11
lira av seg.
Ettersom
trommis Claysson jubilerte med det jubilerande orkesteret
Larmonien, måtte trommediva Iver klesse symbalar og tamtamar
i tillegg til dopfel basstrommepedal. TranseTossa var oppteken
i fjellheimen ein stad, så Turbostipend stod i fare for å
slite med tynn vokal- og frontrekke. I tillegg var vi bekymra
for ludder-alibiet, som Tossa representerer til fulle. Kompensasjonen
for dette var å innføre konseptet "DobbelDiva", kor både turnusvokalistane
PV og Olav bedåra snupper og menn på fyrste rad. Olav kunne
også tilby lette ludder-fakter i tillegg til smørtenorsyning,
og PV komplementerte Olavs ludder-image med rosa tyll-skjørt.Prinsippet
"annakvartvers" var ein udiskutabel suksess, og BI-folka var
takknemlege for terapien Turbostipend kunne tilby.
Etter konserten vart bændet invitert med ut
i Oslo-natta, kor det vart høge kneløft og rock'n roll. Tonny,
ein kjenning frå Romsdalen opna huset sitt for slitne Turbokarar,
og kunne tilby frokostkonsptet kaffi og metal, kor det vart
fordøyd ein del god høgkvalitets-metal i lag med nybrent Friele.
Jajamen.
Dansetruppen
CONTACT: Fredag 9. mars hadde dansebandet CONTACT
gjenforeningskonsert. Les mer ved å
klikke klikke her.
Mediefest
laurdag 10 mars
Kanonsuksess for Team Turbostipend under Mediefest på
Nøstet; minst 400 - 500 elleville publikummere syt
for kjempestemning og liv laga i TV-studioet nede på
Nøstet. Det var bransjefolk frå medie- og kultursektoren
som var representert, og dei fekk ein overdose 80-tall servert
rett i fleisen. Dette vagte hug og åtgaum hjå
forsamlinga, som svara med hopp og sprett. Det er ikkje ofte
me får anledning til å kjøre bånn
gass i eit lokale med komplett lysrigg og nesten ti meters
takhøgde. Dessutan var det ein gedigen og romsleg scene,
slik at det vart god plass for det areal-krevande konseptet
Dobbel Diva.
 |
 |
| Back
mot back - Noralf og Iver kjørar morgenkåpe
og lett dekadent habbitt under Summer of '69. Foto: Tone
Midtgaard |
Cause
I'm Back in Blæææææck!!!
Vokalist og Dobbel Diva Olav kommer opp på høg
'C' på AC/DC sin røynde schläger.
Foto: Marianne Aagedal |
Tilstaes denne kvelden var også ein rekke kjendiser,
av format B-kjendis og C-kjendis. Kjendisane holdt ein keisam
låg profil. Ingen klapsing på rompa eller noko slike greier.
Men mange av Turbogutta fekk tatt runden for å helse
på ulike TV- og scenepersonligheter som var på
festen, og
lobba litt etter nye speleoppdrag. M.a. var det folk frå
reklamebrasnjen i Oslo som var heilt over seg og meinte at
me kunne gjere oss til storkara der borte i hovudstaden. Me
innleda s.k. intensjonsavtaler om mogleg speling på
bransjefestar i Tigerstaden i nærmaste framtid.
 |
 |
| Tangenter
i solnedgang: Erlend kjører opp introen på
'Livin' on a prayer'. Foto: Marianne Aagedal |
Relax
- don't do it, when you wanna go to it! Stormfürst
Sandøy gjer oss noko å tenke på.
Foto: Tone Midtgaard |
Etterpå vart det ville tilstander på
bandrommet, med ein del utagerende festing og tilløp
til flatfylla. Av redsel for injuriesøksmål og
rettsaker tør me ikkje publisere desse bileta i dette
fora, som trass alt berre har 15 års aldersgrense. Men
det hindra oss ikkje å kjøre stemningen i taket
utover natta. Mot
normalt vart me invitert på nachspiel, og der kunne
me høyrde på heavy metal og ete stekte karbonader.
Les
vidare om vårens store eskapader i rapport for 2. kvartal
2001.
|