Semesterberetning 3. og 4.
kvartal 2003
Nye
høgdar med Team Turbostipend!! Det er utruleg høg
etterspørsel etter nett denne type tenester innan underholdningsbransjen
og me har fått flust med spelejobbar. Og då undrar
me oss: ser me nå ein ny 80talls revival eller er det
meir en kronisk tilstand av evig hyllest til svorne tider? Me
veit ikkje, men me spelar musikken! |
|
Semesterstart
Juss-studentene!
Torsdag 14. august markerte starten på
semesteret for juss-studentane. Og for turbogastane, som neppe
har løyst abbo på SATS, vart dette både
7-fjellstur og maratonsauna. Fjøset på jussbygget
var stappa full med 400 smukke menn og endå smukkare
piker, som gaula taktfast TURBO TURBO før vi hadde
spilt ein einaste Ciss. Klima-anlegget sa takk for seg, og
vi takka for alt vatnet vi fikk av SuperBandAnsvarlig Cecilie
(Men koffor låste du ute dei snille pikene som ville
på bandrommet etterpå
.).
Turboskrotingane noterte ny varmerekord på 60 grader
ved scena. Kokepunktet til ein oversminka Turbopeis er 65
grader, så det var nære på at alt kokte
bort i dårleg kajal og rosa rouge. Ikkje så mykje
som ein navle var tørr etter jobben. Alt, absolutt
alt var vått. Det sårbare utstyret som turboministerane
trylla godlydane ut av måtte til felles føning
og opptørking hjå Hildegunns Klipp og Føn.
Takk for klipp, forresten.
Og jaggu vart dei single, unge og dynamiske Turboslitarane
invitert på Nachspiel, kor det vanka lunka øl
og ein og annan kram. Og hyggelige piker, som gjentatte gangar
hadde vore på Turbokonsert. Olav, den røynde
lysrigg-dödaren, fekk jeggu møte att piken som
han slo i svime på Garage i det herrens år 2001
når lysriggen ikkje tålte vekta av den muskuløse
kroppen frå havgapet. (sjå
omtale av fagfest på Garage her) Dei
glade turbosvinpelsane tusla lykkelege og dehydrerte heim
til bondeanger og avisoverskrifter for å lade opp til
neste fadderstopp, Teknikerkroa på Nordnes, to dagar
etter.
VIDEO FRA KONSERTEN: ukjente personer med videokamera har
filmet en kort sekvensen på 15 sekunder som viser litt
av den utrolige stemningen som rådet i Fjøset
denne heite kvelden. Klikk og bli underholdt!
NB: filen er på ca. 4 MB så ha tålamod mens
du venter på nedlasting.
|
|
Semesterstart Tekniker-studentene!
Så var det atter ein gong klart for
rumperocking i djupet av Nordnesparken, nærare bestemt
på Teknikarkroa. Lørdag 16. august var det nye
tak som måtte skjøflast . Enkelte vil kanskje
assosiere turen ned trappane til teknikarane sitt bomberom
med ein tur til Gamle-Erik si bestestove, men for Turbokarane
er det som å kome til himmelen kvar gong. Me har spelt
mange gonger for teknikarane, og er på hels med dei
fleste. Ein kan godt seie at Turbokarane og alle i publiken
hadde ein bilateral avtale om gjensidig kos denne kvelden,
sjølv om, når sant skal seiast, det faktisk var
ei dame der som ikkje hadde høyrt karane før.
Liflege duftar av gymsokkar, fuktige treningklær og
badetøy blanda seg med eimen av brunstige gutekroppar,
etterbarberingsvatn, fjonge bandansvarlege og øl, og
gjorde jamvel tida før konserten til ei kosestund for
Turbokarane. Batteriane var difor topplada då bandet
entra scena. Utallige treningstimar, både i øvingslokalet
og i helsestudio, skulle no få si utløysing i
ei energipakke av dei skjeldne. Turbokarane banka publikum
sine hovud fulle av 80-tals schlægarar både i
ein og to omgongar, før dei gjestmildt inviterte deler
av publikum til fraternisering på bandrommet.
Her skulle det vise seg at det dukka opp flotte damer som
kunne både sin kjemi og sin brassbandhistiorie. Det
skal ikkje leggjast skjul på Turbokarane set pris på
hovud som ikkje berre er til pynt, men som inneheld noko óg.
Seinare vart passiaren flytta over til arrangørane
sitt nachspiel, kor øl, band og teknikarar blanda seg
i skjønn forening. Ein lyt merke seg at Lisj-Diva nådde
sin vanlege tilstand av overmot, tiltakslyst og brunst. Når
den karen er med vert det alltid ei råd med underhaldninga.
TurboFar var sistemann ut ein gong på morgonen, og
han vart geleida så langt at han såg huset sitt
av kyndige hender tilhøyrande hyggjelege tvillingar
i arrangørstaben. Far takkar.
Nokon som tok bilete? Vi publiserar dei meir enn gjerne!
Ta kontakt med wevsnikkar
Peter.
|
|
Semesterstart
BI-studentene!
Torsdag 21. august var det gjensyn med dei
elleville BI-studentene i Bergen, nærmere bestemt på
Banco Rotto. Det var fullt hus og enormt høg
stemning i forkant av konserten. Tydlegvis hadde det
gått gjetord om forrige trefning mellom Turbobataljonen
og BI-flanken. Og no var det dessuten eit heilt nytt kull
med ubesudla studenter. Her var det berre å legge seg
på rygg under 80-talls krana og let det stå til.
- Turbostipend sparker BI-rumpe!!! Lite ansleis, asse.
Me hala igong som det helvetes bandet me tross alt er. Det
betyr opp som ein rakett og "in your face" for å
seie det med amerikanarane. Treffsikre beats pumpa ut frå
rytmeseksjonen og fekk alle perleøredobbene i salen
til å vibrere. Peavy manna seg opp og skreik med si
sexy røyst: "Darling you give love a bad name!".
Me landa etter fyste etter eit solid aerobics-program; publikum
kunne gå i baren for påfyll og me kunne gå
på bandrommet for å pudre nesen og skifte antrekk.
 |
 |
Dei
to frontfigurane Peavy og Tossa legg inn to-stemt gruuve
på Girls just wanna have fun og får
umiddelbar respons frå eit par karrierekvinner
på første rad.
Foto: Jon Nerheim/BIS Bergen |
Energisk
stemning blandt dei nytilsette BI-studentene. For
mange var det fyste gong dei vart eksponert for homoerotikk
og 80-talls glam.
Foto: Jon Nerheim/BIS Bergen
|
Andre sett vart ei heilt anna historie. Stemninga vart så
utagerande at publikum hoppa og dansa oppå kvarandre.
Etterkvart inntok dei scenen, og det vart allsang og alldans
frå øverste hald. Til tider var det fleire publikummere
oppå scenen enn foran. Me måtte finne fram snøskyffla
og rydde scenekanten for å i det heile tatt kunne halde
fram med vårt hudflettande sceneshow. Men det var jævli
moro og me trur dei ferske BI-studentane fekk ein god start
på semesteret!
 |
Ville
du hyra desse karane til å spele i ditt bryllupp?
Eller kan hende til konfirmasjonen til din tenåringsdatter?
Fr.v: Peter "The Swede", Erlend "Lærarunge",
Tor Helge "Tossa", Per Vidar "Peavy",
Einride "Kraftverk", Iver "Kansler"
og Noralf "Reichborn".
Foto: Jon Nerheim/BIS Bergen |
Etterpå vart det vitjing på bandrommet og takksigelser
frå fansen. Trioen frå arrangementskomiteen såg
ut som apostlane til Jesus tredje dag og visste ikkje heilt
kva bein dei skulle trippe på. Gutane hadde tatt bilete,
drukke pilsnerøl og hylt seg hes på diverse schlägers.
No ville dei møte frelsarane. Det vart hug og god stemning
medan pilsflaskene vart tømt ein etter ein. Og jaggu
er det ikkje lenge til neste gong BI-studentane lyt bryne
seg på Turboschlägerz. Siste helg i september er
det Boogiecruise med Danskebåten Fjord Viking.
Hoi hoi og en flaske med rosa rom!
|
|
Banco
Rotto Reloaded!
Fredag 29. og lørdag 30. august var
det igjen TwinTurbo på Banco Rotto i Bergen!
Me spelte jo der i midten
av juni og fekk god mottaking av publikum, sjølv
om mange ikkje heilt fatta pointet. No var me attende for
å frelse galde utelivsfolk i byens storstue nede på
Vågsallmenningen.
Fredagens konsert var ein grei affære med ein bra gjeng
foran scenen og god stemning i salen. Me fekk m.a. vitjing
av ur-turbo-groupiene Heidi
og Hanne som var i Bergen by på heisatur. Dei hadde
ikkje sett Turbo-skrømslet på eit par år
og var mektig imponert over kva dei fekk oppleve. Turbogutane,
dei kvisete ung-folene frå studietida, hadde vakse opp
til å bli fullvoksne artistar med mange spillejobbar
og eit hengivent publikum. Turbostipend hadde kommet ei lang
veg! Jentene kræsja sjølvsagt bandrommet etterpå
og flørta med musikantane; skulle berre mangle.
 |
 |
Vokalist
Peavy syng med si skjelvande røyst: "Eeeempty
roooms, where we learned to live without love...."
og jentene vart varme i bringen og får ei tåre
i augekroken.
Foto: Petter "Veggen" Klasson |
Glade
publikummere på første rad var strålende
nøgd med turbostipend si hemningslause 80talls-show..
Foto: Petter "Hekken" Klasson
|
Laurdag var ei anna historie: mykje fleire folk og kanonstemning
foran scenen. Publikum tok skikkeleg av i løpet av
andre sett og det kokte skikkeleg mot slutten under Take
on me og Summer of '69! Me opplevde middelaldrande
kvinner som blunka frekt til bassisten, brisne mannebein som
viste tattoveringane sine til kordame Iver og unge piker som
fekk hakeslepp då kordame Tossa lot ein av sine mange
miniskjørtet falle (kan hende er det dei som kallar
seg Banging ladies of Banco Rotto?) . Midt under Livin'
on a prayer var det ei engasjert dame som ikkje hadde
nokon betenkeligheter med å gripe tak i armen til Iver,
dra han til seg og rope i øret hans: "Heter dokker
Stage Dolls?!?".
Etter
konserten fekk me på ny besøk av vakre kvinner
på bandrommet (det er m.a. ein del av vår kundeservice:
Det er kortare veg til bandrommet enn de trur!) som
var frå seg av begeistring. Denne gong var det tre jenter
frå Haugesund. Dei meinte det var noko av det sprøaste
dei hadde sett på Banco Rotto-scena og var heilt bedåret
av dei sexy kordamene som utfoldet seg i alle retninger. Men
ho eine som hette Hilde hadde eit par innsigelsar, spesielt
om sminke:
- Dokker e'kje dumme og ikkje kan dokker sminke dokker men
eg digger bandet alikevel!
Alltid kjekt med attendemelding frå publikum. Og desse
jentene var ikkje verre enn at dei blei med og lempa utstyr
etter konserten og sågar inviterte på nachspiel.
Slike jenter vil gamle Noreg ha!? Mange av gutta i bandet
var ijafall imponert. No ser me at det strøymar
på med helsningar på gjesteboka vår,
så jentene var nok imponert også!!
|
|
Play
it again på RICK'S!
Fredag 12. og lørdag 13. september
var det klart for bånn gass med utelivsfolket på
Rick's
i Bergen. Gutta i Team Turbo har spela her ved fleire høve
og kjenner lusa på gangen. I kveld var hovedbassist
Einride opptatt på anna hald, så sekondantbassist
J. T. Sande kom farandes frå havgapet ute på Fedje
for å spank und spass med ensamblet. Det var
like før lokalvalg i for Bergen by, og Turbostipend
var den beste måten å førebu seg på
ein slik viktig dag. Det vart garantert partyflesk og tafsing
på alle fans på første rad.
Denne helga spela dessutan Eddie Skoller på Rick's,
så turbogutane måtte pent vente på bakrommet
til Eddi'æn var ferdig med sitt show før me kunne
ha lydsjekk. Me hadde kan hende vona at me skulle treffe Eddie
i artistgarderoben etterpå, men he had allready left
the building. Ikkje såg me Sissel heller.
 |
 |
Vokalist
Peavy og indreløper Tossa fyrer opp turtallet under
Take on me - ein skikkeleg aerobicsschläger
som får fram svetteperlene hjå publikum.
Foto: Petter "Svensken" Klasson |
Schlägers
gjer sitt med dei unge og lettpåvirkelige sinn
som diggar å stå langt framme.
Foto: Petter "Söta bror" Klasson
|
Første kveld sa arrangørane at "..det
pleier ikkje å vere så mykje folk på fredagene".
Det rosa spektakkelet gjekk på scena like etter midnatt
og dundra igong med You give love a bad name (mot normalt)
og plutseleg var salen full av folk. Kjempestemning på
fyste rad og salige fans som svinga seg til dei eggande rytmane.
Me måtte berre konstatere at folka som jobba på
Rick's tok feil om publikum denne kvelden: dei var nemleg
mange og særdeles engasjerte. Og i turboleiren var spesielt
hovedvokalist Peavy og kordame Iver særdeles heftige
i gassen etter inntak av russisk kildevatn og batteri-brus.
Ju hu!!
 |
 |
Bassist
Jan Torry slurva ein del på sangen Heaven is
a place on earth og blir her korrekt irrettesatt
med ein klæssing i henhold til HMS prosedyre TB-234.
Foto: Petter "Schanke" Klasson |
Ingenting
gjev så fine smil som når arrangør
legg på hyra i siste minutt. Her har Erlend,
Tossa og Peavy nett fått beskjed om den uventa
bonusen.
Foto: Petter Medel-Klasson
|
Laurdag var det på'an igjen (også
denne gong etter at Eddie Skoller hadde fullført sitt
show tidlegare på kvelden). Kan hende litt fleire folk,
men det tok litt lengre tid å få opp temperaturen.
Me hoppa, poga, spratt rundt og lagde generelt liv og røre
men me klarte ikkje å få salen til å lette
før heilt på slutten. Men
ingen kan motstå Livin on a prayer ein sein laurdagskveld
og dermed var me i mål. Og jaggu fekk dei opp gassen
på klinepønk-låten Forever young
heilt til sist.
Etter konserten fekk me atter igjen besøk
av vakre kvinnemenneskje i garderoben. Superlativene og BH-stroppane
satt laust, og nokre av dei ivrigste fan's fekk prøve
på turbokostyme og låne sminke, briller og bandpils.
Alltid kjekt med nærkontakt av fjerde grad etter ein
hard kveld på skiftet. Ein av bartendarane kom med eit
stort brett med halvliterer og spurte:
- Spelte dokker noko Type O Negative
der på slutten? Det råkka jo så sinnsykt.
Ho
ho! Og brått var bookingsjefen der med honoraret i ein
brukt konvolutt (me såg at det sto Eddie Skoller skrevet
på konvolutten med ein famla kulepenn). Han kunne melde
om sterk økning i omsetning i alle barar og veldig
nøgde arrangørar, så han meinte det var
på sin plass å legge litt på hyra. Og jubelen
sto i taket! Det er veldig kjekt å være band på
Rick's når ein møter slike hyggelige personer
i staben. Og kvinnene ville ha meir av turbogutane og det
vart forhandla om nachspiel. Me fekk sogar assistanse på
å sjaue backline og gitarar, samt invitasjon til festligheter
ute i Sandviken ein plass, så me må konkludere
med at det var ein strålandes aften på alle vis.
På
biletet til høgre kan me sjå Turbostipend sitt
eige Nachspielband "Turbo Nights" spela bossanova
på eit gammalt stueorgel frå 80-talet.
Natta var lang og morgonen ville aldri komme. |
|
Eit
skipsorkester mønstrer på
Eit nytt kapittel i Turbo-legenden skulle skrivast då
me fekk invitasjon til å spele på sjølvaste
Danskebåten som går mellom Bergen og kontinentet.
Tidleg Laurdag 27. september la me frå kai i solskinn
og ypperlig stemning på øverste dekk. Ombord
var 500 på studentcruise og 900 vanlege turistar, hovedsakeleg
tyskarar som skulle heim frå ferie.
Me fekk reise ilag med bergensbandet Kashba som skulle
fungere som oppvarmingsband. Kashba-gutta hadde ein
bandbuss, og me hadde slagverk, så det blei ein vinn
- vinn situasjon. Med på ferden var også førstereisegutt
Olav Iversen, betre kjent som vokalist i TRUCKS, og deltids
turbomusikar. Han var hooga og bækk in the sæss
og kunne fortelje skrøner om jet-set livet i London
og andre stader der kor popstjerner ferdes. Men no altså:
MS Fjord Viking.
 |
 |
Publikum
visste kva dei ville få, og dei var i ekstase
då dei fekk det! Røynde turboheads på
første rad: Erica og Gunn.
Foto: Lettmatros Klasson |
Bassist
og Orlogskaptein Jan Torry Sande møter brottsjøen
frå publikum med heftige hoftevrikk og sonaren
på full guff.
Foto: Kaptein Klasson
|
Konsertstart var ikkje før kl 23:00 på kvelden,
så det vart rikeleg med tid til å gå i tax
free-sjappa, ete god middag på resturant og skipe til
vorspiel i lugaren på dekk 5. Me kjente som om me var
attende på skuletur på Gymnaset igjen. Hoi hoi.
Men snart var det showtime. Turbospektakkelet vart tildelt
heile dansegolvet avdi dei lokale bulgarske musikarane i det
faste skipsorkesteret ikkje ville flytte seg får scena.
Dermed vart publikum henvist til sjølve området
rundt baren. Korleis ville dette gå?

Gutta i Kashba spelte frå klokka 22:00 og gav
oss ein leksjon i god gammaldags grønsj frå 90.-tallet.
Men så var det klart for 80-tallet - Turbo Fjord
Viking Lines Orchestra!!! Me hadde fått beskjed
om å spelle så lenge det var stemning i salen,
og det vart minst to timar og diverse ømme tær.
Me gjekk hardt ut i stri brottsjø med You give fish
a bad name, og kjørte vidare med Heaven is a
place on Haltenbanken før me runda av med Livin
on a Fjesing. Publikum var enormt tent og det råkka
opp til stiv kuling i kastene. To securitasvakter og ein orlogskaptein
hadde oppsyn med massane og måtte takle ivrige publikummere
som brøt sperringene.
 |
 |
Rett
etter konserten kom disse vakre piker inn på bandrommet
og ville mingle med gutta. Det var gamle kjente fjes
frå krinsen rundt Teknikarkroa i Bergen: Åshild
og Camilla. Dei var samde om ein ting: "Dokker
e' så tidig! Dette e' den beste konserten me har
vært på"
Foto: Petter "Son-of-an-engineer" Klasson |
Denne
gong møtte ein av vokalistane berusa på
jobb. Verneombud Jan Torry må irrettesette happyvokalist
Olav Ivers med ein klæssing i henhold til HMS
prosedyre TA--567.
Foto: Kaptein Klasson
|
Etterpå var det eit kjapt nedrigg av utstyr før me
kunne gå i baren og tinge billige drinkar og motta hyllest
frå fæns og frender. Dei
tilsette på båten var heilt over seg, og Cruisevert
Trine Odland i Fjordline hadde ikkje sett makan under sine
mange år til sjøss. Jøss!
Tid for mingling, dancing og drinks-4-us! Dei to røynde
turboheads Kristine og Odette var på plass i full mundur
som henholdsvis Medisinsk ansvarleg og Dronninga av Nordsjøen.
Dei hadde gjort sin tørn under konserten m.a. med såpeboblepistol
som sprutet sprekkferdige bobler over gitarist Noralf under
soloen på Final Countdown. Slike takter kan gamle
turbo like! Jentene vert innlemma i turboleiren og overøst
med go'ord og fynd og klem.
Frå ulike publikummere mottok me desse kommentarane:
- Fyyy faen, Turbostipend ruler gata så jævlig
(oprømt BI student)
- Helvete, du var 70% av Turbostipend (beundrende ung gutt
til gitarist Noralf)
 |
 |
Medisinsk
ansvarlig Wenche Rask (Kristine) syt for legesjekk og
koffeinpiller til ensamblet, samt å halde orden
på Dronninga (t.h.).
Foto: Petter "Styrmann" Klasson |
Dronning
av Nordsjøen og Sjølvoppnevnt internasjonal
manager for bandet Odette stjal til tider heile showet
med sin automatiske såpeboblepistol.
Foto: Kokken Klasson
|
Sjølvsagt vart det nachspiel. Det gikk føre
seg inne på pianobaren og me fekk tida til å gå
med å sjå på Medisinsk ansvarleg no opptre
som Pressetalskvinne overfor studetavisa HIBISCUS som prøvde
å gjennomføre eit intervju med musikarane kl
04 om natta. Det
kom faktisk på trykk! Intervjuet fikk tittelen Musikkidentitet,
og du kan lese om det her!!
Dagen derpå var ein liten delegasjon i land i Hanstholm
for å sondere det danske kulturlandskap (Dette landet
er jo full av stavefeil som vokalist Peavy kommenterte). Me
vitja m.a. eit handlesenter kor me kjøpte Carlsberg
på plasflasker (!) og litt kartoffelchips.
Etterpå kunne me sitte på eit høydedrag
(klitterne) og skue ut over fiskelandsbyen. Ahh, sola skein
og det var gildt her i EU. Men snart måtte me attende
til Vestlandet. Ettermiddagen gjekk med til å høre
på dei bulgarske dansebandet og studere nokon av triksa
og liksa dei nytta i sitt sceneshow. Kvelden var lang og morgonen
ville aldri komme.
|
|
Eit
bankende kjør!
Torsdag 24 oktober var det igjen duket for gjensyn med de
glade økonomispirene ved Noregs Handelshøgskule
ute i Ytre Sandviken. Pastellpatruljen var klar for knehøner
og klintango nede i bunkersen dei freister å kalla CAMPUS.
Me lot oss ikkje be meir enn tre gonger så sa me: nok
snakk, 80talls attakk!
Arrangementet var visstnok Karrieredagene på NHH som
tydde at dei blivande siviløkonomane hadde umgjenge
med potenselle arbeidsgivere. Me vert difor åtvara om
at slips- og perleøredobbe faktoren kjem til å
vere høg. Men der ein eller fleire broilere er samlet
vil Turbostipend være midt blandt dem. Me lot oss ikkje
affisere nevneverdige av eit par silkeslips, kjør rabatt.
På lydsjekk var det eit halvt dusin ufaglærte
lydteknikarar frå TG (Teknisk Gruppe) under ledelse
av ringrev Eirik som jo har hatt samkvem med turbogutane på
samtlege NHH gigz tidlegare, inkludert tre After Ski arrangement
oppe på høgfjelet. GammelEirik var glad for å
sjå att gutane og bydde på nystekt Grandiosa
og pilsnerøl. Sjølve lydsjekken vart unnagjort
på tre timer.
 |
 |
Perkusjonist
og andrekeyboardist Far Oppdahl flekker ut beats og
tricks frå sine to trufaste bongotrommer. Det
er intro på Money for nothing og det gjeld
å få opp stemninga.
Foto: Åshild Dracula |
Trommeslager
og kordame in schpe Peter Clayzon treffer den høye
'C' på Girls just wanna have fun og spaner
inn noen potensielle snupper på første
rad.
Foto: Åshild Blodstrupmoen
|
Konsertstart var straks etter klokka ti, og me hala igang
med kjenningsmelodien You give my stock options a bad name.
Det slo godt an i forsamlinga som kvitterte med jubel og dansetrinn.
Me tippar lokalet var halvfullt uten at det på nokon
måte la ein dempar på forsamlinga. Tvert
i mot: det var eit energisk kjør foran scenen av ivrige
NHH'arar som tok sine første nølende skritt
på karrierestigen. Me kan melde at åtgaum på
Turbokonsertar er ein god og naudsynt del av einkvar CV dersom
ein skal kunne måle seg i næringslivet. Toppsjefane
veit kva dei vil ha.
På andre sett lot me prosedyre vere prosedyre og gjorde
entre i badedrakt og skeiv sminke. Slikt hender av og til,
gutane er jo frie og kreative individ som set pris på
litt spontanitet i ny og ne. Derfor: badenhosen. Forsamlinga
skrek etter mannebein og dei fekk full pakke.
Eter konserten måte me stå skulerett utanfor
bandrommet innan ein svett og lykkeleg arrangør kom
med nøkkelen. Det vart tid for pils, eplejuice og fersk
frukt medan me fjerna sminke og skifta til sivile klede. Frå
salen kom Åshild og Camilla, no etterkvart røynde
fjes på første rad på turbokonsertar. Dei
var samde om at turbogutane nok ikkje hadde overgått
seg sjølv her i kveld, men at det var ein bra konsert
på alle vis. Åshild hadde med seg fotoapparat,
og dei bileta me ser her i kveld er hennes kunstneriske credo
på internettet.
Hoi hoi, me skal sjå at NHH studentar allereide i januar
under dei Økonomiske Vinterleikar. Hold akjsekursen,
folkens!
|
|
Zachen revolutions
!
Lørdag 1. november var det klart for internt arrangement
på Zachen i Bergen, og her var Turbostipend på
hjemmebane. Arrangør: Narvesen-kjeden Vestlandet hadde
budd alle dei unge tilsette på festivitas. Turbostipend
var der for å syte for at råkkefoten fekk sitt
samt bestille hot dog og ein flaske Pepsi. Og på stadion
hadde Brann banka Vålerenga 3 - 1 så
det var høg stemning i bergen by denne kvelden.
På lydsjekken oppdaga Erlend at hans gamle og trauste
Roland Juno synthezeiser frå 80-talet hadde tatt kvelden.
Den gav ikkje frå seg så mykje som eit lite elektrisk
pip. Me har ein teori om at det
var den pågående solstormen som har slått
ut den sarte og fuktige elektronikken djupt i Juno'ens
indre kretser. Erlend måtte heim i all hast og hente
eit erstatningskeyboards.
No
var det dessuten debut for Vegard Gregoriusdotter Steinset,
ny lærling i kordamerekka. Grunnet høg speleaktivitet
for bigesjefter i ensamblet (som t.d. Emmerhoff & The
melancholy babies) hender det at nokre av dei orginale
i bestnigen er opptatt på anna hald når det går
ut bud om turbojobb.
For å bu oss mot mannskapsbrist vart det beslutta å
ta inn ekstramannskap for å sikre ein fast og stabil
tilførsel av 80talls-smegma til folket. Og etter ein
knallhard opptaksprøve og audition, vart Vegard den
heldige som fekk rosen. Og no var han klar.
 |
 |
Perkusjonist
og andregitarist Iver Sandøy elgar seg in på
trommesetet og melder ædda bædda til resten
av komp'et.
Foto: Peter Clayzon |
Ny
kordame på lærlingkontrakt, Vegard, gjer
seg klar til dyst. Han er litt nervøs foran sin
første turbojobb, men vonar at hans enorme løpskapasitet
vil hjelpe ham gjennom strabasene.
Foto: Peter Klasson
|
Me var klar kl 22:00 og arrangørane annonserte at no
skulle det være konkurranse for å sjå kven
av snuppene i salen som var schkjønneæst!
Og då turbo gjekk på scenen sto det tett-i-tett
med unge jenter på første rad og hylte. Me
sparka igong med Bon Jovi-klassikeren om dette med å
gje kjærleik eit dårleg rykte og det vart intimt
frå første refreng. På podiet var det heile
åtte turbokarar som dansa og svetta i ein 4 - 3- 1 formasjon.
Det gav god respons frå piker i alle aldre. Feita
stemning og sterk deltakelse frå salen sikra at me kunne
gå i garderoben etter første omgang med vissheit
om at det var ein god kamp.
Andre omgang starta høgt på banen kor me utnytta
bakromet og gjekk tett i kroppen på publikum i salen.
Linjedommarane hadde åpnet døra for vanlege folk
også, slik at tribunen var snart stappfullt og allsangen
gjalla mellom stolpene. Trass
i ein del gule kort og blåmerker var det ein fair fight
og spillerstallen var særdeles lykkelege då fløyta
endeleg gjekk etter ekstraomganger. Kva vart resultatet? Det
var ein vinn - vinn situasjon.
Vegard var nøgd med innsatsen då han oppsummerte
i garderoben etter kampen. Lokalpressen ville ha sitt, men
trenerapparatet skjermet han frå sportsreporterene.
Ein verdig turbo-debut for ungfolen var omkvedet innimellom
svette truser og sminkefjerner. Dei andre i stallen var også
nøgde, arrangørene på si side bar inn
kasse på kasse med øl for å sikre at væskebalansen
atter ein gong nådde likevekt.
Etterpå vart me invitert på after-drinks på
Blue Velvet og der møtte me supertøsene
Åshild og Camilla. Musikantane var hoga og planer om
nachspiel vart skissert. Morgonen ville aldri komme.
|
|
Psykofest!
En helt vanlig tirsdag i november var Ensamble de Turbostipend
invitert til å underholde på selveste Psykofesten, en eldgammel
tradisjon blant psykologistudentene ved Universitetet i Bergen.
Banco Rotto var stedet, og personalet hilste hjertelig da vi
ankom og vi utvekslet skrøner og mintes tidligere bragder. Ryktet
ville ha det til at det gikk mellom 800 og 1500 studenter på
grunnfaget. Det måtte jo bli bra, sa vi.
Arrangørene var de utrettelige individer i Ødipus
Cafe, sosialetaten på psykologi. Grunnen til at dette
fremheves her på Turbowebforum er at et sentralt medlem i
Team Turbo har fortid som PR-ansvarlig i nevnte studentorganisasjon
og har selv vært med på å arrangere flere fagfester under
samme vignett. Det kan faktisk tenkes at spiren til Turbostipend
ble sådd den gang da under forberedelsene til psykofestene,
fordi det var det litt slappe internbandet Psykobandet
som spilte opp til dans. Og vår mann tenkte: "Faen, det der
kan jeg gjøre ti ganger bedre sjæl". To år senere var Turbostipend
et faktum. Men nok om det.
Første sett ble sparket i gang med den etterhvert så kjente
You give love a bad name! Publikum hang seg på kjøret
og vi hadde etablert tillitsforhold innen andre vers og kunne
begynne med projisering. På scenekanten i kveld var det selveste
DobbelDiva, med Olav og Peavy i sjefsform. Duoen
kan dette med ivrig flørting og hadde etterhvert både jenter
og gutter på gli. Det vil si: mest jentene. For faktum var
at de hundre som sto nærmest scenen var jenter. Vi gikk til
pause, støle i låret og heite i hekken.
Andre omgang var knapt ute av sekken før stemningen sto i
taket. Gutta i ensamblet kjente at pulsen steg samtidig med
at folk på første rad ble varme i bringen. Etterhvert ble
scenen innvadert av dansende piker som ville gi musikerene
terapi og katarsis. Ut fra høytalerene romlet Walkin' on
Sunshine og massene svarte med jubelrop og heftig dansing.
Det var bare å hale fyrverkeriet i land. En knallbra turbokonsert,
komplett med ekstranummer og lovand om nachspiel!
- Helt sinnsykt! utbrøt en av jentene spontant etter
konserten. Stemningen ble virkelig skrudd 1190% opp når
dere antok scenen!
 |
 |
To
sjarmerende piker inntok scenen under You got the
look og sang med og danset på refrenget.
Foto: Peter Clayzon |
Scenen
blir etterhvert invadert av ivrige psykostudenter
med lav eksponseringsterskel. Alltid kjekt med besøk
på standplass, syns Turbogutane
Foto: Peter Klasson
|
Vel, når blodtåka hadde lagt seg var det opp på bandrommet:
frem med sminkefjerner, svette turbokostymer ble pakket vekk
i forseglede turbobægger. Vakre kvinner glimret med sitt fravær
og lovnadene om nachspiel lot vente på seg. Arrangøren som
skulle gi oss hyra var forsvunnet i en drojse, retning ukjent.
Det var bare å ta musikkinstrumentene på ryggen og tusle hjem
i det bergenske melankolske uværet. Natten var lang og morgenen
ville aldri komme. Akk, psykostudent, kva brast så høgt?
|
30års-lag
i Galleri Nygaten!
Det var ein gong ein mann som jobba i mediebransjen
i Bergen by. Han fant ut at dette med 30årsdagen skulle
markerast grundig, og tenkte at eit galleri, 300 gjester og
byens beste 80tallsband jo måtte vere ein bra ramme?
Vel, lørdag 20. desember var Turbostipends Spetakkel
Orchestra selvskreven gjest til å spille i 30årslaget
til Sturla, som til daglig frekventerer korridorene i TV2
på Nøstet. Stedet var det vidgjetne Galleri
Nygaten i Bergen. Og som om det ikke var nok: bursdagsbarnet
hadde invitert 300 av sine nærmeste venner til det som
skulle bli en kanonfest!
Allerde klokka 22 var lokalet fyllt opp av venner og kjente,
samt to dusin TV-fjes og kjendiser fra TV2 stallen. Samtlige
av værdamene var på plass, og det ga selvsagt
en ekslusivitet til forsamlingen. Utenfor sto både BA
(Bergensavisen) og en del andre medier som lever av kjendiseri,
men dei fekk ikkje slippe inn. He he, der kor ein eller fleire
A-kjendiser er samlet vil Turbostipend være midt i blandt
dem.
 |
 |
Iver
Sandøy legger på kveldens første
lag med sminke. Sjelden har vel ensamblet hatt høyere
standard på bandrommet: opptil flere kjente verk
av berømte malere hang på veggene rundtomkring.
Foto: Peter Munch |
Kordame
og farsfigur Tossa fikk sin søster Gunn på
besøk, og likheten var slående (!) Hun
var sterkt imponert over forestillingen, noe som veide
tungt da hun til daglig jobber som kulturattasjé
ved Den Norske Ambassade i Paris.
Foto: Pièrre Klasson
|
Kvelden ble iverksatt med gutta fra det bergenske rap-bandet
Spetakkel som varmet opp med sin siste hit, Kem
råkker!? Svaret fikk publikum like etterpå
når Turbostipend entret scenen og halte igang med kjærlighetsvisa
slik som Bon Jovi spiller den: You give love a bad name!
Dermed var vi ugjenkallelig igang, med byens heftigste lyd-
og lysanlegg i ryggen.
Ikke mindre enn 10 scannere og en dunge med lyskastere skinte
opp gutta våres. Bursdagsbarnet hadde selvsagt kontakter
i bransjen og fikk ordnet både spesialutsyr og noe som
må ha vært byens største speilkule (!)
Publikum var entusiastiske, men med forbehold. Det tar tid
å få kjendiser til å slippe seg løs.
Orkesteret gikk til pause med lovand om ekstrasendinger "rett
etter reklamen".
Andre sett tok seg kraftig opp. Nå var det tilløp
til allsang og heiarop på første rad. Der var
også Turbostipend sin faste pressetalskvinne og Medisinsk
ansvarlig, Kristine, på plass. Etterhvert observerte
vi også nyhetsopplesere og værdamer i heftig dansing
på golvet, og luftgitarene kom frem under I love
rock'n roll! Massiv stemning på Final Countdown
viste at det var kick i bergenskjendisene alikevel. Vi
fikk også opp bursdagsbarnet på scenen til en
seiersrunde under Forever Young, en passende slogan
for kveldens arrangement.
Klikk
her for flere bilder fra konserten.
 |
 |
Kveldens
hovedperson, Sturla, kommer inn og gratulerer gutta
med en vel blåst konsert. Han blir straks tatt
hånd av pressetalskvinne for Team Turbostipend,
Wenche Rasch (Kristine) Hun lurte selvsagt på
mulighetene for å få inn en "spot"
om Turbostipend på kveldsnyhetene i TV2.
Foto: Peter Gunnar Lie |
Medlemmene
av Turbostipend er selvsagt også kunstkjennere,
og her studerer de et maleri av en Odd Nerdrum-inspirert
maler. Erlend og Ein er sterkt kritiske til hvordan
kvinnen fremstilles, og etterlyser sterkere kvinneskikkelser
i norsk kunst.
Foto: Odd Klasson
|
Etter konserten vart det fest og moro, med show på bandrommet
og disco nede i Galleriet. Bursdagsbarn Sturla (nå 30)
var særs fornøyd med hele framsyningen, og mange
av gjestene var kaklende av beundring. Og BA hadde faktisk
laget et oppslag om festen, hvor både Turbostipend og
vokalist Olav Iversen (som ikke var med i kveld) fikk bred
omtale. He he, det er ikke så nøye å sjekke
kildene når det gjelder kulturstoff.
Sist men ikke minst: nedrigging og debriefing. Utenfor var
vinteren kommet; en beinkald nordavind freste om ørene
mens vi lempet utstyr inn i ventende drosjer. Så var
det god jul og takk for det gamle. Høstsemesteret for
Turbostipend var dermed over og vi kunne konsentrere oss om
ribba og pinnekjøtet.
God jul!!
|
|