Ein slags turné på høgfjellet 26. januar 2008
Turbostipend måtte nesten avlyse spillejobb?!
Dykk trur kan hende ikkje kva dykk hører, men faktum er at global oppvarming og klimakrisen førte faktisk til at Turbostipend sto i fare for å avlyse for første gong i bandets mangeårige brokete historie!

Noralf tek ein røyk på P-plassen utanfor handelslaget i Lærdal. Me hadde eit kjapt stopp på vegen mot Hemsedalsfjellet laurdag 26. januar. Ennå er me uvitande om strabasene som ligg foran oss. Foto: Peter Klasson.
Kort fortalt: to gigz på høgfjellet seint i januar: afterski, ØVL på Ål (mot normalt) og fest for odontologistudentane frå Bergen - men konsert på Geilo. Alt skulle hende laurdag ettermiddag og kveld den 26. januar. Me hadde ordna bil og transport og backline og alt var ship shape i logistikk-avdelinga.
Fjelloverganger
Men så kom vinterstormane, og utruleg nok vart samtlige fjelloverganer stengt frå fredag 25. janur med storm og kuling og helvetes drit. Men på morgonen laurdag 26. januar vert det åpna for kolonnekjøring.
Fire turbo-karar satte seg i bandbilen tidleg tidleg laurdag morgon og kjørte frå Bergen til Lærdal. Der måtte dei vente nede i dalen for å kjøre over fjellet til Hemsedal. På radioen sa dei at kolonnekjøring held fram og det såg ut som om me kunne greie det!
I mellomtiden satt dei tre andre Turbo-karane på toget og kom seg over fjell-helvetet... men kva kan dei gjere utan 60% av dei andre i bandet? Og alle instrument og kostymer?
Fjellet stengt
Kl 17 er det klart at det har gått eit ras oppe på Hemsedalsfjellet og dermed er alt stengt, og fire turbo-karar må snu bilen heimover med alle instrument! Fy faen så kjipt!
Ny trio
Imens har dei tre restrerande gutane ankommet Hallingdalen, drukket ei heil flaske sprit, leid inn keyboards og bass+gitar og funne nokre rosa klede på nærmaste Spar Kjøp på Ål. I ein hastig sermoni skipar dei til Trio Turbo og noterar ned ein alternativ setliste på ein serviett.
Dei spelar fyst ein god time på AfterSki for ØVL-gjengen på Ål (NHH og Bi) før dei kjører taxi til Geilo kor dei gjentar show'et for odontologi-studentane på Hotell Highlander. God stemning og knallhardt kjør, til tross for stengte fjelloverganger og fire mugne Turbo-karar som måtte gå på Garage seint laurdag kveld med uforutretta sak. Men trioen på høgfjellet fekk både nachspiel og frukost og 30 nye venner på Facebook.
Grmmmlmmm (forfattaren av denne teksten satt i bandbilen på Lærdal - det har dykk kan hende gjetta sjølv). |