Hovedgesjeftigalsar Hausten
1997
Hausten vart innleia med faste øvingar saman med dei nye kordamene
Iver og Tor Helge 'Tossa'. Sistnemde vart og kalla 'Farsfiguren'
avdi han var den einaste som kunne fungere som eit slags faderleg forbilete
og rettleie oss andre unge sarte søkjande menneskje.
Sosiologane: Spelejobb i September på Fagfest for Sosiologi
på Garage. Dette gav interessante bekjentskapar. M.a. fekk me
ein psyko-sosiologisk vurdering av konseptet vårt. Hovudfagsstudentane
på Sosiologi meinte at me var ein latent struktur, som verka som
ein utløysande faktor for aktørane sitt skjematiske versbilete.
Dette blei kalla for Pære-syndromet. Dei meina og at det her var
snakk om eit regionalt fenomen, men antakelig ikkje nasjonalt. For vår
del var det ein heilt vill kostymeparade kor me spurta gjennom minst
femten ulike stilartar i løpet av konserten. Mange publikummerar
vart særs forvirra av dette.
September: Vårt fyste møte med psykologi-studentane
hendte på den noko harry klubben Why Not denne hausten. Det vart
rigga eit provisorisk lydanlegg av Kaptein Krok, og alle studentane
hadde kledt seg fint opp i 80-talls kostymer. Dei var til tider meir
oppdressa og hysteriske enn bandet. i denne perioden hadde me premiere
på eit nytt slags konsept, nemlig kostymeskift efter pause. Med
Iver og Tossa som faste kordamer var det no ein noko brokete og homoerotisk
framtoning på scenen. Stilistisk hamna me ein stad mellom tyske
B-pornofilmar og norske revyteater på 80-talet. Men suksess vart
det uansett. Som ein liten ekstra piff hadde iført oss gamaldagse
badedraktar under X-tra nummeret. Me hadde og presentasjon av Haustkolleksjonen:
det kan du lese meir om her.
Psykoanalysert: I oktober var det nok eit møte med studentar
på Embetsstudiet i Psykologi. Seansen gjekk føre seg på USF der
me vart psykoanalysert grundig. Det var ein slags konferanse kor det
og gjesta mange internasjonale teoretikarar og praktiserande psykiatrar.
Dei fann ut at YSHEPF-medlemmar alle hadde ein vanskeleg barndom, med
eit komplisert forhold til både mor og far. Det vart trekt fram
som døme at me ikkje hadde fått utløysning for våre
ødipale tenåringsfrustrasjonar, og difor var særs
betinga for påverknad frå den vulgære 80-talls kulturen.
Dette kan føre til
regresjon og psykologisk ubalanse med påfyljande traume og indre
krise. Som ein mestring av denne frustrasjonen inntar man ein s.k. 'homo-erotisk
legning', som er korkje hetero eller homo. Det er berre Pære.
Det som var oppsiktsvekjande med denne spelejobben var at me blei invitert
på vårt fyste nachspiel! Heilt sida me byrja i denne jobben
hadde me lengta efter tilbod om ville festar og orgiar på nachspiel.
Ei sexy blondine ved namn Nina halte oss med
og opna stova for godtfolket. Me herja og kosa oss heile natta, sjølv
om det ikkje vart så mykje tatta. Men me rakk m.a. å stifte
foreninga vår, som du kan lese meir om her.
Skum og Stjerne:To av arbeidsgruppene på studenthuset
Det Akademiske Kvarter var vertskap tidleg i oktober. Dei gjorde totalt
knefall og la seg flate for konseptet til dei homoerotiske ridderar.
Ein totalt ukritisk og jamvel naivt inntak av pære. Det viste
seg seinare at det tallrike publikum var alle
rundt 18-20 år, og soledes særs sarte og mottakelege for
underligjande pseudo-seksuelle strømningar. Det kan hende at
gutta her verva100-200 nye homoerotiske kameratar. Karane
sa i ein kort kommentar til sekreteriatet at dei var nøgde med
konserten.
November: Høgdepunkt for sesongen var utan tvil eksursjon
til Homoerotikkens høgborg: Trondheim. Trønderan veit
å setje pris på ein ekte kvasi-homse. Anledninga var den
årlege Studentorkester-festivalen SMASH som vart arrangert under
UKA på Studentersamfunnet I respekt av å få møte
desse åndshøvdingar og kjennerar gjorde bandet ein kollektiv
innsats og anla bart for turneen. Det vart særs godt motteke bland
dei meir hardbarka gutane i Tusenårsbyen.
Konserten vart ein ubetinga suksess. Det viste seg altså
at Homoerotisk legning var eit nasjonalt fenomen. Vidare fekk me verva
nye medlemmar til foreninga, og det vil snart bli opna konsulat i både
Trondheim og Oslo.
Bartbekledd perkusjonist i full gang
med Homoerotisk Kulturmønstring i Trondheim.
Foto: Marianne Aagedal/Snuppe
|
Reichkansler Iver og Grinebitar Jølle
set hardt mot hardt under avspelling av 'Eye of the Tiger' foran
elleville tilskoderar.
Foto: Marianne Aagedal/Larmonien
|
Gitarist Noralf Le Tekrø
held koken under framsyning av TNT's røynde schläger
10 000 Lovers.
Foto: Mari Anne Aagedal/Trondhjems Blad
|
Polo-Forening: I kjølvannet av den legendariske turen
til Trondheim hendte det ekstraordinære at foreningen skiftet
navn og samtidig (eller på tross av) utarbeidet de endelige statuttene.
Dette kan du lese mer om her. Eit anna vendepunkt
dette semesteret var nivået på bandets honorar: fra å
kretse omkring fir-sifra beløp (nederst på stigen) hadde
vi brått rykka opp i fem-sifra beløp. Det var litt av ein
overgang for eit idealistisk rølpe-band som eigentleg berre var
ute etter pils og tatta. Det værste av alt var at Team Turbostipend
var god for penga også.
Turbostipend får ein av sine draumer oppfylt då dei spela
på den framståande danseband-klubben Nye Ugla på
eit veldedigheits-ball i desember 1997. Her fekk dei og anledning
til å opptre som backing-bandet til den namngjetne sangerinna
Kate Augestad, røynd frå Bergensrocken tidleg på
80-talet.
Foto: Marianne Aagedal/Medievitskap
Avslutning: Semesteret vart runda av med ein veldedighets opptreden
for Medievitenskapelege studentar under deira joleball i Desember på
Nye Ugla, ein stad som gutane i TEAM TURBOSTIPEND lenge hadde ynskjt
å spela. Ugla er røynd for sin gode og brune homoerotiske
stemning. Fyst var det opptreden med intern-bandet for medievitskap:
Le femmes et la Fatale. Der medvirka m.a. trommeslager Peter
Clayson iført natklubb-kjole. Deretter fekk Turbostipend den
ære å stille som backing-bandet for den kjente sangerinna
Kate Augestad som herja bergenske rockescener og klubbar tidleg på
80-talet. Ilag framsyna dei eit par nøye utvalde tolkningar av røynde
slagarar.
Noralf dreg ein gudbenådet gitarsolo under eit forsøk
på
kåvring av Sting-låta Mad about you.
Foto: Marianne Aagedal/PR-Groupie
|
Trommeslagar og perkusjonist Petra har iført seg lekkert
aftenantrekk og får endeleg levd ut si feminine side.
Foto: Marianne Aagedal/Larmonien
|
Til slutt var det Turbostipend sin tur, og dei ga bånn gass.
Konserten blei særs godt motteke av dei unge mediestudinene, som
for anledninga vart iført freistande gallakjoler. Det faste Bulgarske
dansebandet var og begeistra for å møte åndsfrendar
i Noreg. Me fekk utveksla historiar og homoerotiske tips før
me braut opp det lystige laget seint på natten.