Teknikar-moro: Tidleg i Januar spela dei garva homoerotikarane
for Teknikersamfunnet under vekkelsesmøte i eit bomberom ute
på Nordnes. Det vart skipa til 80-talls Kro laurdag 24. januar
og publikum utmerka seg med å komme med vulgære 80-talls
klede. Som vanleg var det heftig homoerotikk frå scenen. [Bilde
kjem snart]
Innta bassene: Semesteret starta med at det vart klart at bassist
og grinebitar Jan Roar Beckstrøm meldte overflytting til ein
anna klubb i hovudstaden, og dermed såg det brått ut som
om 80-talls laget stod utan ein bassist-midtstoppar. Efter ein del moralsk
sjølvransaking og mykje bruk av kjeft vart det hyra inn ein vikar:
Jan Torry. Han var rønd frå m.a. Black Sabbath-bandet
WARPIGS ilag med Iver og Noralf, og var
ein heftig homoerotikar på alle vis.
Generalforsamling: 30. januar avholdast Xtra-ordinær Generalforsamling
for YSHEPF i heimen til Noralf, Iver og Jølle. For sistnemde
er det også avskjedsfest før overflytting til Tigerstaden.
Man pratar om strategiar vidare. Det blir bestemt at YSHEPF frå
no skal vere ein kynisk og kapitalistisk organisasjon som berre spelar
rock'n roll for pengane sin del (i motsetning til tidlegare då
ein gjorde det for musikken, pilskassane og all tatta på bandrommet).
Det blir og konsumert edle dråper frå Polo Deluxe,
eit skikkeleg homo-erotisk whiskeymerke.
Avkom: I februar blir verdens fyste ekte barn av Turbostipend
født: Erlend og kjæreste heidi får ein liten gut,
som etterkvart får namnet Birk. Dette er ein av dei fyste
teikn på at Turbostipend ikkje lenger er eit ekte homoerotisk
orkester.
Badstu: Seint i februar var det planlagd ein eksursjon til ei
avsidesligjande hytte i Kvam Herad som eit par av medlemmane i YSHEPF
har tilgang til i kraft av å vere
Larmonistar. Her kunne det blitt god homoerotisk jamming i m.a.
badstua, men merkelege omstende ville ha det til at det ikkje vart tur
alikevel. No tas det sjølvkritikk i små doser.
Vikarar: 4. Mars var det speling for Nordfjordlaget i Teglverket
på Kvarteret. Ved denne spelejobben var gitarist Noralf i London,
slik at kollega Inge tok over 6-strengaren. Og keyboardist Erlend var
brått gått ut i fødselspermisjon, slik at det var
naudsynt med vikar på keyboards også. Her kom den utrettelege
Tossa til redning; hans gamle kollega frå dansebandet CONTACT
var ein som kunne sin Final Countdown! Han heitar Dag Øyvind
og åpenbarte seg som ein duganes homoerotisk vikarierande tangentmann.
Også bassist Jan Torry var ny på scenen, men dei rutinerte
karane hala det heile i land.
Replay: Onsdag 18. mars var det klart for årets fyste
reprise: spelling for dei to arbeidsgruppene på Kvarteret Skum
og Stjernesalen. Til denne konserten var trommis Peter Clayson for anledninga
i New York.
Dermed blei det til at trommeschläger og Generalkonsul Iver Sandøy
piska dei nødvendige skinn denne kvelden. Det vart gledeleg attendesjåing
for både musikarar og publikum. Teglverket var dampande heit og
snuppene blanke i augo. Det fine med denne gig'en var at karane kunne
legje ned instrumenta efter konserten utan tanke på å rydde
efter seg. I morgon skulle dei nemlig spele her ein gong til!
Torsdag 19. mars var det atter spelejobb på Kvarteret under Realfagsdagane.
Det vart ein fantastisk konsert med fullt hus i Teglverket og steikandes
liv foran scenen. Karane leverte kan hende semesterets mest heftige
konsert, noko i nærleiken av 17. mai 1997! Turbo var konge denne
kvelden!
Ingen April-spøk: 1. April var det klart for spelejobb
på Garage igjen for dei galne Sosiologi- studentane. Dei kan visst
aldri få nok eksponering av Team Turbostipend.
No var Peter Clayson attende frå Manhattan, og vikarierte delvis
for Tossa på enkelte sangar (som kordame) avdi han Far var på
feltarbeid. For karane var konserten ein liten nedtur frå sist,
men jamvel ein homo-kvalitets-erotisk konsert.
Nasjonaldags-nedtur: 17. Mai vart det desverre ikkje noko av
å spele på Kvarteret. Karane uttrykte skuffelse over Laurdagsgruppas
booking-politikk. I staden kunne me sjå debut-konserten til OppNedBass,
kor kordame og Reichkansler Iver har ein fremtredande rolle. Han har
med seg kollega og sjefs-grinebitar Olav Ka e' klokka?? på
gitar og Inge 'Rypdal' Rypdal; også el-gitar. Dei syng på
kav Romsdaldialekt og fortel historiar om hestar og katteplaging frå
heimtraktene i Rætvåg
kommune. Mini CD har dei óg gjett ut. No tek dei snart Manhattan.
Hauso: So vart det stilt heilt fram til 20. juni, då det
atter er speling. Denne gang i eit 30-års lag inne i Ullensvang
Herad, nærare bestemt på Hauso
Samfunnshus. Karane har akseptert å spele for kost + losji, noko
som kan hende har med sumaren å gjere. Til denne jobben kjem grinebassar
Jan Roar Rekdal for å ta Hauso-tatta med storm. Det heile byrjar
med at me blir henta i Bergen av nokre håntlangarar. Solen skin
og snart er me ved Hardangerfjordens fyldige bredder. Me tek ferje og
konstaterar at ferjebilletørsumarvikar-jenta er ei av dei penare
me har sett (og det seiar ein del; karane i Team Turbo har sett ein
DEL ferjebilletørar). Inne på Hauso vart me teken godt
imot av 30-åringen Trond, som ikkje veit heilt kva han
skal tru om denne sortkledte gjengen frå storbyen. Solen skin
og Hardangerfjorden ser ut som eit postkort. Vikar-keyboardist Øyvind
er på plass, og det oppstår forbrødring bak på
scena då han og Erlend riggar opp sine kayboards og synthezeisærs.
Me undrar på kva me får av kost + losji, og det visar seg
å vere betasuppe og 70 liter cider. Me gjeng til åtak straks
efter soundcheck og forskansar oss på ei nærligjande brygge
for å nyte sumarens lengste dag. Klokka elleve tek me klesskifte
og entrar scena.
-One, two, three, four: Thorn in my side, you know that's all you
ever were...
Turbostipend er atter igang. Det er ein stund sida me var åtte
mann på scenen, men det gjeng heilt flott. Sjefs-groupie Live
tek mange fine bilete. I salen sit alskens folk mydlå 25-60 år
og bæljer cider og heimebrygga Hardanger-øl. Dei dansar
også.
Etter konserten held me koken til klokka tre på morgonen med
rocking til Van Halen schlägarar. Så stablar me oss
opp på vår faste brygge og sjår sola stå opp
litt over klokka halv fem om morgonen. Farsfiguren er kraftig påsegla,
med resten av mannskapet hakk i hæl. Petter har byrja på
det som ein dag skal bli eit slektsepos i sju delar med tittelen 'Åtgaum'.
-Det heile byrja med Gunnar, fortel Petter. To tusen nautiske mil aust
for New Zealand har båten blåst ut av kurs, men Kaptein
Klasson og hans trufaste mannskap er alt anna enn gretne. I eit repa
tau 300 meter akterut heng Tossa, fastbunden og kjølhalt, no
på tredje veka. Dei tek han opp til kvelds; han er dekt i alger
og blåskjell.
-Skal du ha litt cider? spør styrmann Beckstrøm. Dekksgut
Oppdahl er ikkje akkurat taletrengt, men mumlar noko om at han er villeg
til å bytte inn fire lesper for ein sprek 7-åring. Lettmatros
Eidsvik konstaterar at Oppdahl gulpar ein hel del.
Serien Åtgaum framheld ved eit seinare høve, melder
Klasson.
Oppsumering/konklusjon
Eit særs travelt semester for karane i YSHEPF, prega av omveltningar
og intern grinebiting. Eit kjenneteikn er stort konsum av vikarar, x-tra
hjelpar og folk som 'steppar inn' når det trengs. Det kan virke
som om verksamda tek seg inn litt avdi medlemmane er opptatt på
andre hold med sine respektive samfunns-oppgåver. Men det er varsla
auka aktivitet til hausten.
Her kan du lese tidlegare semesterrapportar: